Fann knivstukken mann

Politiet har sett i gang etterforsking etter at ein mann (22) vart funne knivstukken på Lund i Kristiansand.

Laster kart, vennligst vent...

Det var like over klokka eitt natt til søndag at politiet fann mannen på fortauet.

– Mannen sat oppetter ein stolpe då han vart funne. Det viste seg etterkvart at han var skada, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Audun Eide til NRK.

Mannen vart sendt til akuttmottaket ved sjukehuset i Kristiansand umiddelbart. Han ligg no til observasjon, men skal ikkje vere alvorleg skada.

Saka vert etterforska vidare ved politistasjonen i Kristiansand.

– Vi har hatt krimteknikarar på staden som har gjort sine undersøkingar, seier Eide.

Politiet har snakka med 22-åringen, som førebels ikkje kan gjere greie for kvifor han er påført knivstikk.