Skulle tømme vatn for gjedde - så dukka denne opp

Det er teke opp fleire hundre kilo daud gjedde i det populære badevatnet. Men så dukka det opp ein art ingen hadde sett føre seg å finne der.

Fann gullfisk i Gillsvann

GULLFISK: Denne gullfisken vart funne i Gillsvann. Fisken kom til overflata i det forgifta vatnet.

Foto: Privat

– Dette er alvorleg kriminalitet. Dette er enkeltpersonar sine egoistiske haldningar som går ut over fellesskapets gode og gleder, seier fiskeforvaltar Frode Kroglund hos Statsforvaltaren i Agder.

Det har blitt pøsa ut nesten 5000 liter med gift i det populære badevatnet Gillsvann i Kristiansand dei siste vekene.

Målet er å ta livet av gjedda. Det har også dukka opp ei rekkje andre artar etter kvart som daud fisk har komme til overflata.

Men det er eitt funn som vekkjer oppsikt. Det er funne to gullfiskar. Den eine på over eit kilo. På fagspråket heiter den sølvkaruss.

Det var Fædrelandsvennen som skreiv om saka først.

Fann gullfisk i Gillsvann

TUNG: Den eine gullfisken som vart funne var over eitt kilo.

Foto: Privat

Risikerer fengsel

– Dette kom som ei overrasking. Dette er også ein art vi ikkje skal ha. Den skal utryddast. Eg antar at det blir gjort av sportsfiskarar som set dei ut for å få fleire artar å fiske på, seier Kroglund.

Ifølgje fiskeforvaltaren risikerer ein opptil fem års fengsel dersom ein blir teken for å setje ut framande artar i norske vatn eller elvar.

– Framande fiskeartar har konsekvensar for miljøet. Konsekvensane kan variere frå art til art og mengde, seier han.

– Vi kan i alle fall slå fast at det er aktiv utsetting av fisk i dette vatnet. Det er miljøkriminalitet av verste sort, seier Kroglund.

Steven Philip frå Otra Laxefiskelag har samla inn kilo på kilo med daud fisk i vatnet.

På det meste plukka han 125 daude gjedder på berre tre timar.

Denne uka sprøytes plantegiften rotenon ut i Gillsvann i Kristiansand for å bli kvitt gjedda.

Auren er heilt utrydda

Kor mykje som er teke opp totalt veit han ikkje enda. Den største gjedda som er teken opp var på nesten ti kilo.

Men det er ein art han saknar.

– Vi har ikkje funne aure. Den ser ut til å vere heilt borte. Tidlegare var det flott aure i dette vatnet, men den er heilt utrydda, seier han.

Så langt er det funne følgjande artar i Gillsvann:

  • Gjedde
  • Ål
  • Åbor
  • Suter
  • Karuss
  • Sølvkarrus
  • Stikling
  • Sjøaure

Arbeidet nærmar seg no slutten, men framleis kjem det opp daud fisk.