Politiet og Hovudredningssentralen slo etterkvart fast at båten var stolen.
– Ein person er mistenkt for tjuveriet, opplyser Agder-politiet.
– Eigaren av båten stadfestar at den er stolen. Vi har søkt gjennom det aktuelle området, men har avslutta søket, seier redningsleiar Andreas Bull ved Hovudredningssentralen til NRK.
Sette inn helikopter
Både redningshelikopter, redningsskøyte og politi vart sett inn i søk etter at båten vart funne drivande ved 8-tida laurdag morgon.
Ifølgje Hovudredningssentralen var motoren på båten varm og dødmannsknappen var borte.
– Det er ei moglegheit for at nokon kan ha falle i vatnet. Difor har vi sett i gang søk. Det er snodig at båten står i gir, seier Bull til NRK tidlegare laurdag morgon.
Avgrensa søkeområde
– Båten kan ha komme drivande frå småbåthamna i Risør. Den kan og ha komme drivande frå Østerfjorden nord for Risør, sa han.
Ifølgje Hovudredningssentralen var det ein person som bur i nærleiken som varsla om den drivande båten.
– Vi held fram søket inntil vi har fått søkt gjennom eit antatt område eller etterretning tilseier at ingen er sakna, sa Bull like over klokka åtte laurdag morgon.
Det vart mellom anna søkt i hamnebassenget i Risør.