NRK Meny
Normal

Familie på fire blir sende ut av landet

Ein afghansk småbarnsfamilie i Kristiansand blir sende ut av landet laurdag. – Dei er djupt fortvila, seier ven av familien.

Barn blir sendt ut av landet

Dei to barna er åtte månader og tre og eit halvt år gamle.

Foto: Privat

Familien med to barn på åtte månader og tre og eit halvt år vart henta av politiet på eit asylmottak fredag ettermiddag.

Etter det NRK kjenner til skal familien sendast med fly til Afghanistan laurdag.

Foreldra, som er i 20-åra, kom til Norge for fire år sidan. Dei skal ha flykta fordi onkelen til kvinna ville tvangsgifte ho med ein mann med tilknyting til Taliban.

Fekk hjelp av bestefaren

Bestefaren hennar skal ha selt garden for å få pengar til å reise ut av landet. Han skal også ha hjelpt til å med finne ei reiserute ut av landet.

Begge dei to barna er fødde i Norge. Dottera på tre og eit halvt år har gått i asylbarnehage i Kristiansand.

– Dei seier at dei ikkje har noko familie i landet. Dei veit ikkje kor bestefaren er. Dei er også redde for at onkelen skal få tak i dei. Dei fryktar for liva sine, seier Torborg Bækholt, som har engasjert seg for å prøve å få familien til å bli.

Ifølgje Bæholt har ingen av dei to har utdanning og fryktar at det nærast blir umogleg å få seg ein jobb i Afghanistan.

Vil hindre utsending

Familien fekk avslag på søknad om asyl i Norge i 2012, men reiste aldri frå Norge.

NRK har vore i kontakt med Utlendingsnemnda (UNE) som ikkje hadde høve til å gå inn i saka på kort varsel fredag kveld. Men i utsendingsvedtaket skriv UNE at ei opphaldstid i Norge på kring tre og eit halvt år ikkje er tilstrekkeleg tid for at barna har fått ei særleg tilknyting til Norge.

Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) har fredag blitt kopla inn i saka. Dei meiner at UNE ikkje har teke omsyn til kva som møter familien i Afghanistan.

– Dette illustrerer ein streng praksis. UNE har ingen opplysningar om kva som ventar dei i Afghanistan, seier Kaja Skeie Lier i NOAS.

Dei jobbar no for å få stoppa utsendinga av familien.

Utsendinga skjer berre dagar etter at justisminister Anders Anundsen måtte stå skulerett i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i asylbarnsaka.

NRK har vore i kontakt med Justisdepartementet, som seier at de ikkje kommenterer enkeltsaker.