Falsk politi skremmer bilistane

Ei dukke kledd ut som politi med laser gjer at bilistane som passerer Byglandsfjord på riksveg 9 bremsar opp. Men påfunnet fell dårleg i smak hos UP.

Politidukke i Byglandsfjord

Dukka gjer at bilistane set ned farten gjennom Byglandsfjord sentrum.

Foto: Anne Eva Aasland

– Vi bur rett ved sidan av vegen og ser på bilane som passerer. Det er 40-sone, men dei køyrer langt fortare enn det, seier Morten Hageland som har sett opp dukka saman med kameratar.

Politidukka vart plassert ut like ved eit fotgjengarfelt ved 12-tida 1. påskedag.

– Kunne ikkje vente på politiet

Tidlegare i påska tok dei kontakt med politiet og bad dei stå med laser for å ta bilistane som køyrer for fort gjennom Byglandsfjord sentrum.

– Vi høyrde ikkje meir, og kunne rett og slett ikkje vente lenger. Vi har jo ikkje noko måling, men folk køyrer nok i 50–60. Vi har ungar som kryssar vegen her og er bekymra, seier han.

Sjølv påpeikar han at det ikkje er ei politidukke, men ei vanleg dukke.

– Mange av bilane klarer ikkje å stoppe i fotgjengarfeltet. Difor måtte vi gjere noko før det skjer ei ulykke, seier Hageland.

Falsk politidukke ved Byglandsfjord

Dukka er godt synleg med den gule vesten.

Foto: Kjell Rune Strømstad

UP-sjef: – Dette bør dei fjerne

Men påfunnet fell dårleg i smak hos politiet. UP-sjefen på Agder ber Hageland og kameratane om å fjerne dukka.

– Eg forstår at dei har sin grunn til å gjere det fordi dei vil ha ned farten langs vegen. Men eg håpar dei som har sett den opp vil ta den ned igjen og stolar på at vi gjer jobben vår, seier UP-sjef Øystein Krogstad til NRK.

Øystein Krogstad

UP-sjef på Agder, Øystein Krogstad, ber Hageland om å fjerne dukka.

Foto: Pål Tegnander / NRK

UP-sjefen hadde ikkje høyrt om dukka før NRK fortalde han om det.

Han påpeikar også at Vegvesenet har strenge reglar med tanke på kva som kan plasserast ut langs vegkanten.

– Uansett har vi det kontrollsystemet vi har i trafikken, og det bør folk stole på, seier han.

Dukka har fått stor merksemd blant bilistane. Mange stoppar opp for å ta bilete av dukka.

– Det ser i alle fall ut til å fungere. Mange av bilistane bremsar opp, seier ein lokal mann NRK har snakka med.

– Klar for å ta støyten

Hageland gjorde også eit forsøk ved å fjerne dukka tidlegare søndag.

– Frå å halde fartsgrensa når dukka står der, køyrde dei for fort igjen. Så då plasserte vi den ut igjen, seier han.

Hageland er heller ikkje redd for eventuelle reaksjonar frå politi eller vegvesen.

– Vi får ta støyten om det kjem noko. Eg veit ikkje kor lenge vi let den stå, no kosar vi oss ute i sola, seier han.

Men Statens vegvesen påpeikar at dei ikkje kan sjå at dukka bryt med lova.

– Vi kan ikkje sjå at det er brot på skiltreglementet. Vi kan ikkje sjå at den er ulovleg, seier kommunikasjonssjef i region Sør, Lars Helge Rasch.

Dukke med "laser"

Dukka er utstyrt med gul vest og 'laser'.

Foto: Kjell Rune Strømstad