Dei siste fem åra har spesialundervisninga i kristiansandsskulen gått ned med 15 prosent.
Prosjektleiar i kommunen, Øyvind Jakobsen, er særs nøgd.
– Det har skjedd ei bevisstgjering innanfor å inkludere elevar som vi har hatt ei tilbøyelegheit til å vise til eigne tiltak.
I 2010 var 7,7 prosent av all grunnskuleundervisning i Kristiansand såkalla spesialundervisning. No, fem år seinare, er talet nede på 6,7 prosent.
Kommunen meiner dette skuldast stadig større bevisstgjering på å inkludere alle elevane i eit ordinært skuleløp.
Jakobsen er ikkje redd for at nokre elevar kan hamne utanfor når fokuset er så sterkt på å få talet ned.
– Ein kan aldri vere sikker på at det er noko vi ikkje ser, oppdagar eller får med oss. Men bevisstheita om akkurat det har blitt mykje større.
- Les:
- Les: