Hopp til innhold

– Skuffande at færre tek båtførarprøva

Redningsselskapet er skuffa over at færre sørlendingar tek båtførarprøva enn tidlegare. Nesten 600 færre tok båtførarprøva i fjor enn i 2011.

Båt i fart

Redningsselskapet vil at også båtførar som er fødd før 1980 skal ta båtførarprøva.

Foto: Rainer Prang / NRK

Frode Pedersen, redningsselskapet

Informasjonssjef i Redningsselskapet Frode Pedersen.

Foto: Redningsselskapet

Miriam Stausland

Koordinator i båttenesta i Agder-politiet Miriam Stausland.

Foto: Agder politidistrikt
– Det er skuffande og synd, for Sørlandet er ein stor og flott fritidsbåtregion, seier informasjonssjef i Redningsselskapet Frode Pedersen til NRK.

Båtførarprøva vart innført i 2010. Alle som er fødd etter 1980 må ha båtførarprøve for å kunne føre ein båt.

I 2011 var det drygt 1900 personar på Sørlandet som tok båtførarprøva. I fjor var talet nede i kring 1400. Frode Pedersen i Redningsselskapet trur det kan vere fleire årsaker til at færre tek båtførarprøva.

Stort mediefokus

– Det kan ha samanheng med at det var veldig fokus på dette når det vart innført. Då var det veldig mange som tok båtførarprøva, seier han.

– Så har kanskje gruppa som skulle ta sertifikatet vore flinke til å ta båtførarprøva, legg han til.

Koordinator i båttenesta i Agder-politiet Miriam Stausland kommenterer nedgangen slik:

– Dersom det er ei trend tykkjer eg det er trist. Vi ynskjer at folk skal skolere seg og vere best mogleg kompetent til å føre båt når dei er ute på sjøen, seier Stausland til NRK.

Prioriterer promille og fart

Talet på kontrollar til sjøs har variert stort dei siste åra. Frå nær 2500 i 2010 til 1395 året etter. I fjor vart nær 2100 båtar kontrollert.

– Det har litt med politiets tilstedeværelse å gjere. Dei to siste åra har vi klart å komme ut med fire politibåtar og auka kontrollverksemda, seier ho.

– Vårt hovudfokus er det vi meiner utgjer størst skadepotensial på sjøen. Det meiner vi er promille kombinert med fart. I tillegg om du har manglande lanterneføring når mørkret fell på, seier ho.

– Det er den kombinasjonen som utgjer det største skadepotensialet. For oss er det viktige område å prioritere, seier Stausland.

Redningsselskapet kan ikkje svare på om det er mange som fører båt utan båtførarbevis.

– Vi er der for å redde folk og båtar. Vi veit ikkje kven som har båtførarbevis eller ikkje. Det spør vi heller ikkje om, for det ligg ikkje i vårt mandat, seier han.

Har skrive ut 27 bøter

Sidan båtførarbeviset vart innført i 2010 har Agder-politiet skrive ut 27 bøter for manglande båtførarbevis.

Dersom du vert teken på sjøen utan eit slik bevis risikerer du bot opptil 5000 kroner. I tillegg risikerer du å få utsetting på inntil eitt år på båtførarprøva.

Redningsselskapet meiner at også båtførarar som er fødde før 1980 bør ta båtførarbeviset.

– Dei fleste båtbrukarane er fødde før 1980. Difor tykkjer vi at fleire burde ha teke det. Vi meiner også at det bør innførast eit høghastigheitssertifikat på sjøen, seier Pedersen.

Denne sommaren skal fire politibåtar patruljere langs Sørlandskysten.

Talet på båtkontrollar på Sørlandet

År

Kontrollerte båtar

Bøter

2010

2495

10

2011

1395

5

2012

1584

4

2013

2091

8

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %