Hopp til innhold

Færre såg ØIF i år

ØIF Arendal har i gjennomsnitt hatt 715 tilskodarar på heimekampane denne sesongen. Det er åtte prosent færre enn i fjor.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

GOD: Færre publikummarar såg Svenn Erik Medhus og ØIF Arendal denne sesongen, trass i at klubben har hatt ein ny god sesong. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er veldig synd. Eg er litt skuffa over at folk ikkje møter opp i større grad, seier dagleg leiar Kurt Eckholt til Agderposten.

I fjorårets debutsesong i eliteserien hadde klubben eit snitt på 780 tilskodarar.

Vil ha over 1000

– Folk blir fort blaserte og gløymer raskt. På grunn av Challenge Cup har det dessutan blitt frykteleg mange kampar, noko som kan gjere folk mette. Eg trur også fasilitetar og parkeringsmoglegheiter har sitt å seie, seier han.

Frå hausten 2012 flyttar eliteserieklubben inn i ny hall på Myra.

– Det er vanskeleg å spå, men vi håpar å kunne samle over 1000 tilskodarar til kvar kamp i storstova der oppe, seier han til avisa.

Publikum ØIF Arendal

FULLT: I opprykkssesongen til eliteserien var Nedeneshallen full fleire gonger. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

På 3. plass

– Har jobben med å trekkje folk til Nedeneshallen blitt ei sovepute etter debutsesongen i eliteserien?

– Nei, eg tykkjer vi har jobba knallhardt. Vi har annonsert i avis, på nett og på Facebook, og vi har invitert lag og bedrifter til hallen, fortel Eckholt.

Trass i ein liten nedgang i publikumstalet er Nedeneshallen den tredje best besøkte hallen i eliteserien. Elverum toppar statistikken med 985 tilskodarar i snitt i sin splitter nye hall. Nyopprykka Viking har 881 tilskodarar i snitt. ØIF avsluttar eliteseriesesongen mot Runar onsdag. Klubben skal i tillegg ut i sluttspel seinare.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %