NRK Meny
Normal

Færre køyrer bil i rushtida

Tal frå vegvesenet viser at biltrafikken i Kristiansand er redusert med 1,6 prosent etter innføring av rushtidsavgift. Talet på syklistar har auka med 28 prosent.

Se video av rushtid i Kristiansand

VIDEO: Slik var trafikken i rushtida måndag morgon.

– Fleire vel å forskyve bilbruken til utanom rushtida, og totalbruken av bil går ned. Tendensen er klar, og tal frå buss- og sykkelbruk peikar i same retning, seier avdelingsdirektør Johan Mjaaland i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Mange fleire syklar

Statistikken viser ei dramatisk auke i talet på syklistar. Her er det ei auke på opp mot 28 prosent.

Tala viser samstundes at kollektivbruken har auka med mellom fire og åtte prosent.

Statens vegvesen understrekar at tal frå buss- og sykkelbruk varierer ut ifrå vêrforhold.

– Tala viser at innføringa av tidsdifferensierte bompengesatsar har hatt innverknad på folk sine reisevanar, seier Mjaaland.

For tidleg å konkludere

Mjaaland understrekar også at det er for tidleg å konkludere med at rushtidsavgifta fører til mindre biltrafikk.

– Meir sikre tal får vi først etter fleire månader, seier han.

Rushtidsavgifta vart innført 16. september.

Bompasseringar etter innføring av rushtidsavgift

Stad

Totaltrafikk

I rushtida

E39 Vesterveien

Nedgang på 3%

Nedgang på 4,1%

E18 Bjørndalssletta

Auke på 0,5%

Nedgang på 2,7%

Rv9 Grim

Nedgang på 3,7%

Nedgang på 5,8%

Fv1 Sødal

Nedgang på 5,1%

Nedgang på 7,4%