NRK Meny
Normal

Få spor etter bankran i Lyngdal

Politiet står med få ledetrådar etter at ein mann rana Sparebanken Sør i Lyngdal torsdag ettermiddag. No lova banken 50 000 i dusør til den som kan bidra til å oppklare ranet.

Video Ran i Lyngdal

– Tips frå publikum er alfa omega for oss. For å klare å oppklare straffesaker er ikkje noko politiet klarar aleine. Det er eit samarbeid med folk som er aktive og engasjerte som seier ifrå om det dei ser og observerer. Vi er heilt avhengige av tips, seier lensmann i Lyngdal, Anne Margrethe Ruud til NRK.no.

Politiet har så langt få spor å gå etter.

– Vi prøvar å samle inn alle opplysningar vi kan. Vi vil gjerne at folk som har vore i området rundt Rimi i Lyngdal sentrum tek kontakt. Det gjeld dei som har vore der frå klokka 16.30 til rundt klokka 17, seier lensmann Anne Margrethe Ruud til NRK.no.

Sprang mot sentrum

Ein mann rana banken med eit skytevåpen og sprang mot sentrum med eit ukjent pengebeløp. Ingen personar vart skada under ranet.

– Det var ein mann med normal høgde. Han var slank og iført ei lys jakke og hadde mørke bukser og boots på seg, seier lensmannen.

Politiet vart varsla om ranet klokka 16.54 i går ettermiddag.

7 ran på Sørlandet

– Ranaren hadde caps på seg når han gjennomført ranet, samt at han hadde ei hette oppe, seier ho.

Banksjefen i Sparebanken Sør Lyngdal meiner sikkerheita i banken er god nok.

– Vi har gode sikkerheitssystem. Men ein kan sikkert alltid leite etter forbetringar. Vi er nøgde med sikkerheita slik den vart ivareteken, seier banksjef Sissel Siljom.

Ranet i Lyngdal var det sjuande bankranet på Sørlandet sidan april 2010.