Evje kan få skitunnel

Eigaren har både planar og pengar til det som kan bli Noregs første skitunnel.

Skitunnelen i Torsby

Slik ser skitunnelen i svenske Torsby ut. No kan Evje få ein tilsvarande.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Det poppa opp som ein idé. Fjellhallen står tom, og det er ikkje mykje ein kan bruke den til. Då tenkte eg å snu på flisa - sjå om vi kan få til ein skitunnel, som har vorte ein suksess i både Finland og Sverige, seier Benjamin Mykjåland som opprinnleg kjøpte fjellhallen på Evje til meisebolleproduksjon.

Har planar og midlar

Hallen er kring ein kilometer lang og opptil fem meter i breidda.

- Utfordringane slik eg ser det, ligg i kostnadene kring kjølesystemet. Førebels er eg veldig i startgropa kring dette. Men eg har planar og midlar, men det gjenstår å få på plass ei prosjektgruppe og eit reelt kostnadsoverslag, seier han til Fædrelandsvennen.

Han trur ein slik skitunnel vil gje Evje ein turistattraksjon.

Reiser til Sverige

- Evje er jo midt på Sørlandet, mange køyrer forbi, og vi har mange skientusiastar her. Mange nordmenn reiser til Sverige for å stå på ski. No kan dei bruke sommaren til å stå på ski her, seier Mykjåland.

På grunn av at hallen står som den gjer i dag, trur han det kan sparast mykje pengar.

- Skulle vi bygd den i dag, ville den kosta 50-60 millionar kroner. Men den er ferdig, berre små justeringar må til, seier han.

Begeistra

Planane til Mykjåland møter stor begeistring både i Otra IL og hos ordføraren i kommunen.

- Dette er veldig spennande for skiidretten på Sørlandet. I dag reiser folk frå heile Europa og Japan til skitunnelen i Sverige. Ein skitunnel vil vere eit enormt trekkplaster for Evje, seier leia i skigruppa i Otra, Geir Magne Feed til avisa.

- Det er klart at kommunen stiller seg positivt til dette, seier ordførar i Evje og Hornnes Bjrøn Alfred Ropstad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet