NRK Meny
Normal

Eventyrleg billettsal til kinopremiere

Aldri før har Kristiansand kino selt så mange billettar på førehand til ein premiere som til «Fifty Shades of Gray».

Fifty Shades of Grey

«Fifty Shades of Grey» har premiere fredag.

Foto: Universal

– Det har vore heilt fantastisk. Så vidt eg veit har vi aldri hatt eit så godt førehandssal. Det er mange damer på Sørlandet som gler seg veldig til å sjå filmen til helga, seier marknadssjef i Kristiansand kino, Susanne Lynne til NRK.

Filmen som har fått stempelet «husmorporno» har premiere på norske kinoar fredag kveld.

Plakat for Fifty Shades of Grey

Jamie Dornan og Dakota Johnson har hovudrollene i «Fifty Shades of Gray».

Foto: Universal Pictures

I Kristiansand er det selt over 3000 billettar til førestillingane i helga. I Farsund og Arendal er det selt kring 1000 billettar til saman.

– Spennande og pirrande

Tidlegare denne veka melde NRK om gode salstal også i Stavanger og Sandnes (4500), Trondheim (4265), Oslo (6500) og Bergen (5000).

– Eg trur mange har lese bøkene og tykkjer at dei er spennande, pirrande og litt utanom det vanlege. Dei tek med seg heile venninneflokken og går på kino, seier Lynne.

Kristiansand kino skal også ha «jentefest» eller «Girls Night Out» etter premieren. Også billettane til denne festen utselde, ifølgje Marknadssjefen.

Har varsla demonstrasjonar

Kvinnegruppa Ottar har varsla demonstrasjonar i Oslo og Stavanger i samband med filmpremieren.

Leiar Randi Mobæk er provosert over haldninga til kvinner i filmen, og oppfordrar til boikott.

– Det er stikk i strid med det vi vil. Vi vil at jenter skal ha kontroll over sitt eige liv, og ha styringa. Ikkje inngå slike slaveliknande kontrakter som den kvinnelege hovudpersonen i filmen, sa ho til NRK tidlegare denne veka.

Sexleketøy er utsolgt fra leverandør. «Fifty Shades of Grey» har gjort kvinner mer vågale, mener eier av sexleketøy-butikk i Haugesund.