NRK Meny
Normal

Evakuert etter brann i sentrum

Fem personar er evakuert etter ein brann i Kristiansand sentrum måndag morgon.

Brann i Henrik Wergelandsgate i Kristiansand.

VIDEO: Brannvesenet fekk melding om brannen like før klokka åtte måndag morgon.

Brann i Kristiansand sentrum

Brannvesenet har kontroll over brannen som starta i eit butikklokale.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Det brann i eit butikklokale i Henrik Wergelandsgate. Brannvesenet har no kontroll.

– Det er fleire leilegheiter over butikken. Alle er evakuert og er så vidt eg veit uskadde, seier innsatsleiar i politiet, Øyvind Hægeland til NRK.

Det er førebels ikkje kjent kva som starta brannen.

– No skal vi få lufta ut lokalet, så skal vi prøve å finne ut kva som starta brannen, seier han.

Det brann like ved gågata i Kristiansand sentrum.

Brann i Henrik Wergelandsgate

Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen.

Foto: Sander Heggheim/NRK