Hopp til innhold

Evakuert etter brann i flyktningbustad

Fire leilegheiter i eit leilegheitsbygg i Flekkefjord vart evakuert etter at det brann i to av dei. Brannvesenet har kontroll på brannen.

Det brenn i to leilegheiter i eit bygg med fire leilegheiter i Flekkefjord. Alle bebuarar er evakuert. Det skal ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg.

Sjå video frå sløkkingsarbeidet til brannvesenet.

Politiet vart varsla om brannen klokka 05.42 natt til søndag. Då dei kom fram var det full fyr i den eine leilegheita.

Seinare spreidde flammane seg til endå ei leilegheit.

– Brannvesenet hadde søkt gjennom bygget då vi kom og fekk familiane som budde i bygget ut, seier innsatsleiar i politiet, Arnt Helge Drageland til NRK.

Familien som bur i leilegheita der brannen starta kom seg ut sjølve. Alle skal vere flyktningar. Det budde også barn i bygget som er totalskadd.

– Det er ingen skadde som vi er kjende med, seier Drageland.

Etter det NRK kjenner til er det direkte brannvarsling til brannvesenet.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent. Det er heller ikkje kjent kor mange personar som budde i bygget.

Men brannen er under kontroll og brannvesenet held no på med ettersløkking.

Brann i Flekkefjord
Foto: Lars Eie / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %