Hopp til innhold

Kjenner du desse? Då vil politiet snakke med deg

Politiet har frigitt tydelegare bilete etter dei to personane som er etterlyst etter ranet av ein gullsmed i Lyngdal.

Ranere i Lyngdal

Politiet er på jakt etter desse to personane, som dei meiner står bak ranet av ein gullsmed i Lyngdal.

Foto: Politiet

Etterlyser ranarar i Lyngdal

Ein av ranarane fanga opp på eit overvakingskamera.

Foto: Politiet

Dei to mennene er fanga opp av eit overvakingskamera i nærleiken av gullsmeden.

Ranarane skal ha fått med seg varer for over ein million kroner då dei slo til fredag i førre veke.

Sikta mot tilsette

– Vi ber om å bli kontakta om nokon har sett desse personane, seier Jan Terje Aas som er etterforskingsleiar i politiet.

Dei to mennene tok seg inn i butikken ved 13.35-tida fredag og skal ha vore utstyrt med ein pistol, eller ein pistolliknande gjenstand.

Den eine retta våpenet mot hovudet til dei tilsette. Samstundes knuste den andre ranarane glasmonter og forsynte seg av varer. Ingen personar vart skada under ranet.

Stakk frå staden

Ranarane skal ha forsvunne i sørleg retning etter ranet.

Politiet har tidlegare etterlyst tips frå publikum som var i sentrum av Lyngdal rundt tidspunktet då ranet fann stad.

Dei to mennene er truleg i alderen 25-30 år.

Gullsmeden som vart rana ligg kring 400 meter frå lensmannskontoret i Lyngdal.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %