– Politiet er framleis i ein innleiande fase i etterforskinga. I det ligg det at politiet arbeider breitt. Vi jobbar utifrå fleire hypotesar. Ei av hypotesane er at personen er utsett for ei alvorleg straffbar handling. Det seier politiadvokat i Agder politidistrikt, Henrik Bjugan Hegdahl.
På ein pressekonferanse søndag orienterte politiet om status i saka.
Siste kjente observasjon av Lid var fredag 2. oktober.
– Ingen personar er så langt sikta eller arresterte i saka, seier politiadvokaten.
Politiet seier dei vil setje inn store ressursar dei neste dagane. Mannen vil bli sendt til obduksjon.
– No handlar det om å samle inn mest mogleg informasjon og analysere dataa vi får henta inn, og drive etterforskinga framover, seier Hegdahl.
Her står Dan Eivind Lid sammen med SIAN-leder Lars Thorsen (foran) under en demonstrasjon i Oslo tidligere i år.
Foto: Torstein Bøe / Torstein BøeSentral i Sian
Dan Eivind Lid var ein sentral skikkelse i den islamfiendtlege gruppa Sian.
– Han betydde mykje for Sian i det praktiske organisasjonsarbeidet. Alltid var han budde til å gjere ein innsats. Dette betyr at Sian Agder si avdeling har mist ein av våre mest aktive medlemmer. Han vil bli sakna, seier tidlegare leiar i Sian, Arne Tumyr.
Arne Tumyr har tidlegare vore leiar og frontfigur i Sian. Han meiner mannens død er eit stort tap for gruppa.
Foto: Madeleine Mellemstrand / NRK– Eg har vanskeleg for å tru at dødsfallet har noko med Sian å gjere, seier Tumyr.
48-åringen vart funnet død inne i leilegheita sin i Suldalen utanfor Kristiansand sentrum laurdag. Då omtalte politiet dødsfallet som mistenkeleg.
Dødsfallet blir no etterforska som eit drap.
Det var ein nabo som fann mannen død.
Agder-politiet holdt pressekonferanse der dei orienterte om etterforskinga.
PST kopla inn
Tilknytinga til Sian gjorde at PST tidleg vart kopla inn i saka.
– Vi er kjend med saka og hjelper til Agder politidistrikt i etterforskinga, seier Martin Bernsen, seniorrådgjevar i PST til NRK.
Både politiet, Kripos og PST etterforskar drapet.
Laurdag vart det gjennomført omfattande kriminaltekniske undersøkingar inne i bustaden. Det er også sperra av eit større område på utsida.