Her er eit av landets beste parkour-anlegg

Freerunning eller parkour er ein av dei raskast veksande sportane i verda. På Hove i Arendal opna nyleg eit av landets beste anlegg for sporten.

Freerunning eller parkour er en av de hurtigst voksende sportene i verden for tida. På Hove i Arendal åpnet nylig ett av landets beste anlegg for den temmelig nye sporten.

VIDEO: Sjå ungdommane i aksjon.

– Vi hadde nokre ungdommar som kom hit og spurte om det var mogleg å lage eit parkouranlegg her på Hove, seier dagleg leiar i Hove drifts- og utviklingsselskap, Terje Stalleland til NRK.

Stalleland fann ledig areal til anlegget og søkte om 250 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet. Svaret på søknaden var positivt, og dermed var anlegget ein realitet.

– Vi ynskjer å ha aktivtet som er populær blant alle menneske, så vi heiv oss rundt og søkte, seier han.

Simen Gulbrandsen er ein av ungdommane som nyttar det splitter nye anlegget.

– Det er jo ein sport og ein måte å uttrykkje seg på. Det er gøy og vi trenar jo, seier han.

– Det ser litt skummelt ut.

– Det er noko vi øver inn og vi tykkjer ikkje det er skummelt så lenge vi har prøvd fleire gonger. Men sjølvsagt er det skummelt første gang, seier han.