Hopp til innhold

Erkjenner ikkje straffeskuld

Mannen som er tiltalt for uaktsomhet i samband med at tre personar vart skambitt av hunden hans erkjenner ikkje straffeskuld.

Kristiansand tingrett (Hunderettssak)

Hundeeigaren møtte i retten torsdag morgon.

Foto: Anne Wirsching/NRK

Rettssaka mot mannen starta i Kristiansand tingrett torsdag morgon.

– Han har erkjent dei faktiske forhold og erkjenner at hundane angreip og beit fornærma. Han erkjenner ikkje straffeskuld fordi han meiner at hundane vart provosert av dei fornærma. Difor meinte han at han ikkje har noko skuld i det heile, seier aktor Berit Voxen til NRK.

Stal hundane

Det var i juli i fjor at ein 2-åring, mor hans og ein 17 år gammal gut vart angripe av ein hund og fekk bittskader. Episoden fann stad på ein leikeplass i Mandal.

I etterkant av biteepisoden vart hundane plassert i varetekt på ein kennel. Kort tid etter vart hundane stole frå kennelen.

Hundeeigaren erkjenner straffeskuld for å ha teke hundane frå kennelen, der dei var sikra etter angrepet.

I retten påstod tiltalte at det var berre den eine hunden som hoppa over gjerdet og gjekk til angrep på leikeplassen. Mannen forklarte at han tok dei to andre hundane inn i huset.

Meiner han vart pressa i avhøyr

I tidlegare avhøyr har han forklart at dei to hundane kan ha komme seg ut og ned på leikeplassen. No nektar han for dette og meiner at han vart pressa under avhøyr.

Kvinna som vart hardast skada etter hundeangrepet skal avhøyrast via telefon i retten seinare torsdag. Her skal ho mellom anna fortelje om korleis skadene ho vart påført har prega ho.

NRK følgjer rettssaka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %