Eriksen: – Vi er ein offensiv gjeng

Dagrunn Eriksen vart vald som nestleiar i Kristeleg Folkeparti. Eriksen er den einaste i leiartrioen som held fram og er optimistisk med tanke på framtida til partiet.

Dagrun Eriksen

NESTLEIAR: Dagrun Eriksen er gjenvald som nestleiar i KrF. (Arkivfoto)

Foto: Morten Holm / Scanpix

– Det å bli vald av eit heilt landsmøte og få fornya tillit når du har site i sju år er utruleg godt. Eg er audmjuk og utruleg takknemleg for tilliten eg har fått, seier Eriksen til NRK.no.

Sørlendingen vart vald under KrF sitt landsmøte i Trondheim laurdag morgon. Eriksen har vore nestleiar i partiet sidan 2004.

Ny partileiar

Knut Arild Hareide

LEIAR: Knut Arild Hareide er vald til ny leiar av KrF.

Foto: Alley, Ned / Scanpix
Bjørg Tysdal Moe

NESTLEIAR: Bjørg Tysdal Moe vert nestleiar saman med Dagrun Eriksen.

Foto: Olav Eggebø Aanonsen / KrF

Også Bjørg Tysdal Moe vart vald til nestleiar og erstattar dermed Inger Lise Hansen.

Knut Arild Hareide vart vald til ny partileiar og tek over etter Dagfinn Høybråten. Dermed er Dagrun Eriksen den einaste att i leiartrioen.

– Eg har fått tilbakemeldingar på at det var avgjerande for at eg vart føreslått vidare. Vi hadde ikkje hatt så god erfaring dersom heile den førre leiartrioen hadde vorte skifta ut. Det å ha kontinuitet er viktig for mange, seier Eriksen.

– Så opplever eg at det har vore ein stor anerkjennelse for det arbeidet eg har gjort i strategiutvalet, seier ho.

Skal gjenreise KrF

Den nye leiartrioen skal føre Krf gjennom ei fornyingsfase fram mot stortingsvalet i 2013. Eriksen har leia partiet sitt strategiutval og står bak ei rekkje forslag som vil trekkje KrF i meir liberal retning.

Eriksen er optimistisk med tanke på å gjenreise Kristeleg Folkeparti.

– Eg trur vi vil sjå ein positiv oppgang. Vi får kanskje ikkje ein kjempeoppsving ved lokalvalet. Det vil nok ta litt lenger tid å snu, seier nestleiaren.

– Det vert ein krevjande jobb, men eg ser etter den første kvelden med landsmøtet og med trioen som er vald, ein utruleg offensiv gjeng som er klar for å gå ut å gjere ein jobb for KrF, seier Eriksen.

– Han er ein strateg

Ho er glad for at at Knut Arild Hareide skal leie partiet dei kommande åra.

– Han har evna til å inspirere og engasjere. Han har også vist dei siste dagane at han er ein strateg og at han har ting han ynskjer å få gjennomført for dette partiet. Eg trur det vert utruleg kjekt å jobbe saman med han, seier ho.