Hopp til innhold

Erik (18) vart nordisk meister

Erik Udø Pedersen frå Mandal imponerte under Nordisk Meisterskap i terrengløp i København. Han vart nummer fem individuelt, men var med på å vinne lagkonkurransen.

Erik Udø Pedersen

SOLID: Erik Udø Pedersen leverte eit sterkt løp i København. Bilete er frå EM i terrengløp i fjor, der sørlendingen vart nummer 79.

Foto: Thore-Erik Thoresen/friidrett.no

Sørlendingen var berre sju sekund unna bronsen, medan det var 25 sekund opp til gullet. Det var Napoleon Solomon frå Sverige som gjekk til topps på 6 kilometeren i U20-klassa.

Dei tre beste frå kvar nasjon tel med i lagkonkurransen. Her gjekk Norge til topps, dermed kan mandalitten krone seg med tittelen nordisk meister.

– Eg er veldig nøgd. Eg hadde ein god dag i løypa og kunne nok ikkje har gjort det så mykje betre, seier Udø Pedersen til NRK.no.

Tok seg ut

Han har eitt år att i U20-klassa og satsar alt på å ta steget opp på pallen i Nordisk Meisterskap til neste år.

– I dag var eg sliten og tok ut alt. Eg tok att fleire på oppløpet. Men neste år skal eg ta medalje, seier han.

18-åringen satsar primært på baneløp og tok to sølvmedaljar under junior-NM i Sigdal i sommar. Det var sølv både på hinder og på 1500 meter bak Fillip Ingebrigtsen som er bror til Europameister Henrik Ingebrigtsen.

Vil satse

– Det er kjekt å springe terrengløp, men eg trivst best på bane. Eg håpar å kunne delta i internasjonale meisterskap på bane etter kvart. Eg satsar deg eg kan, så får vi sjå kva det held til etter kvart, seier Holum-løparen.

Ferdinand Kvan Edman vart beste nordmann på andreplass.

Resultatliste 6 km terrengløp

Namn

land

Tid

1. Napoelon Solomon

Sverige

18:41

2. Ferdinand Kvan Edman

Norge

18:57

3. Jakob Dybdal

Danmark

18:59

4. Alexander Palm

Sverige

19:04

5. Erik Udø Pedersen

Norge

19:06

6. Peter Glans

Danmark

19:07

7. Sindre Løchting

Norge

19:08

8. Zacharias Grassme

Danmark

19:08

9. Jacob Sommer Simonsen

Danmark

19:10

10. Andreas Jansson

Sverige

19:13

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %