Hopp til innhold

Er denne «sigaretten» lovleg?

Elektroniske sigarettar skapar hovudbry for restaurantbransjen. Bruken av såkalla el-sigarettar er relativt ny Norge. Spørsmålet er om sigaretten vert omfatta av røykelova eller ikkje.

El-sigarett

EL-SIGARETT: Manglande kunnskap rundt el-sigarettar gjer at ingen veit om det kjem under røykelova.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

– Den er nok ikkje definert endå. Slik eg les lova er det fullt høve til å bruke denne, seier Rune Wilhelm Rasmussen til NRK.no.

Under eit møte på Strand Hotell Fevik i Grimstad nytta politikaren den elektroniske sigaretten. I etterkant fekk han telefon frå hotelldirektøren som spurte om han hadde røykte inne på hotellet.

Manglar kunnskap

Rasmussen stadfesta at han hadde gjort det, og vart bede om å gå ut eller be om eit spesialrom ved seinare høve. Sjølv føler han på det som ei belasting, men samstundes forstår han hotelldirektøren.

– Det er ganske enkelt at ein ikkje har kunnskap om det og at ho aldri har blitt konfrontert med problemet. For meg er det viktig at kunnskapen vert kjent hos alle slik at det ikke vert eit problem i framtida, seier han.

Hotelldirektør Agnes Berntsen vedgår at ho ikkje har nok kunnskap om elektroniske sigarettar.

– I utgangspunktet er eg negativ til det før eg har meir kunnskap, og før eg veit korleis bransjen stiller seg til det, seier ho til NRK.no.

– Førebels er dette heilt nytt for meg. Eg må søkje kunnskap før eg kan svare heilt på dette, seier ho.

Berntsen har førebels innført forbod mot el-sigarettar på hotellet.

Rune Wilhelm Rasmussen

RØYKAR: Rune Wilhelm Rasmussen meiner det bør vere lov til å nytte el-sigarettar innandørs. Han importerer sigarettane frå utlandet til eige bruk.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Røykeavvenning

Den elektroniske sigaretten kan minne om ein vanleg sigarett. Når røykjaren trekkjer inn, vil ei glødelampe på enden lyse, medan røykjaren vil puste ut vassdamp. Det er mogleg å få tak i ulike lukter til sigaretten, blant anna vanilje og den tradisjonelle røykelukta.

I 2004 vart det innført totalt forbod mot all røyking på norske barar, kaféar og restaurantar. Men om elektroniske sigarettar vert omfatta av røykelova er uklart.

– Eg har ikkje juridisk kompetanse til å svare på om denne bør omfattast av røykelova. Men det vi veit er at vi får fleire studier som tyder på at el-sigarettar som vert brukte i røykeavvenning er ganske vellykka røykesluttmiddel. Men framleis er det ikkje klart om det er noko potensiell helsefare ved bruk av desse, seier Karl Erik Lund, som er forskingsleiar ved Statens institutt for rusmiddelforsking.

Lovleg i Storbritannia

Det er også uklart kva dei elektroniske sigarettane har å seie med tanke på passiv røyking.

– Amerikanske flyselskap har gjort el-sigarettar forbode ombord i fly. Kva dei byggjer det på er litt uklart, seier han.

I Storbritannia er det lov å røyke el-sigarettar innandørs. I Norge forbaud Helsedirektoratet import av sigarettane i 2009, fordi det er forbode å innføre og omsettje nye former for tobakks- og nikotinprodukt.

Ifølgje Helsedirektoratet har ikkje el-sigaretten noko med tobakksskadelova å gjere, og henviser til Statens Legemiddelverk.

– Det er eit stort dilemma for helsestyresmaktene fordi ein ikkje heilt veit kva ein skal meine om det. I Norge har vi eit generelt forbod mot nye nikotinprodukt, seier Lund.

El-sigarett

EL-SIGARETT: Sigaretten kan minne om ein tradisjonell sigarett med damp og glødelampe.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Billegare enn tobakk

Sjølv meiner Rune Wilhelm Rasmussen det heile byggjer på «motvilje frå styresmaktene».

– Det starta heilt tilbake til Høybråten, då han innførte røykelova. Det er eit nederlag dersom det plutseleg skulle finnast noko som kan erstatte vanlege sigarettar fullt ut, slik at folk kan røyke både ute og inne utan å uroe seg. Ikkje minst økonomisk, for dette er vesentleg billegare, seier han.

Sjølv har han røykt i kabinen under ein flytur til Madrid, utan at nokon reagerte.

– Normalt sett er det ikkje noko ubehag ved dette. Nokon kan kanskje påstå å reagere på det, men eg trur ikkje det fins nokon som har reagert negativt, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %