Hopp til innhold

Enorm interesse for Sesilåmi

To månader før løpsdagen har over 1800 meldt seg på til årets utgåve av Sesilåmi.

Sesilåmi 2008

POPULÆRT: Nesten 2000 er påmelde til Sesilåmi to månader før påmeldingsfristen er ute. (Arkivfoto)

Foto: Svein Rune Skilnand / NRK

– Aldri før har vi hatt så mange påmelde så tidleg på vinteren. Sesilåmi kjem til å fullt, heilt sikkert før påmeldingsfristen som vi har sett til 1. mars, seier renneliar Odd-Bjørn Elve til Farsunds Avis.

Rennleiaren har vore med som arrangør sidan 1976.

Maks 2500

– Folk som lurer på om dei vil gå i år, må berre få meldt seg på. Dei bør i alle fall ikkje vente for lenge. Då kan det vere for seint, seier han.

– Vi set eit endeleg tak på 2500 deltakarar, legg han til.

Fjorårets renn vart avlyst på grunn av kraftig vind og dårlege snøforhold.

Personleg hadde eg på grunn av avlysinga i fjor ikkje trudd at det skulle bli så mange påmeldingar i år. Men det har slått feil. Interessa er stor, og det er vi naturlegvis veldig glade for, seier Elve.

Ingen bilvegar

Oversikta over kor mange som er påmelde finn du her.

Også i fjor hadde arrangøren av Sesilåmi eit tak på 2500 deltakarar, men på grunn av stor pågang enda dei til slutt på 2800 påmelde til rennet. Det blir ikkje aktuelt i år.

– Vi kjem ikkje til å gå over 2500 deltakarar. Det har med sikkerheit å gjere. Sesilåmi er eit høgfjellsrenn, og det er ikkje mogleg å komme til løypa ved hjelp av bilvegar, seier han.

52 kilometer

– Snøskutarar er det einaste transportmiddelet vi har om ting skulle skje undervegs med løparane. Difor er vi av sikkerheitsmessige hensyn nøydde til å setje ei begrensing på antal deltakarar, seier han.

Sesilåmi er eit 52 kilometer langt turløp frå Brokke i Setesdal til Sinnes i Sirdal. Løpet går 2. april.

Påmeldingsfristen er 1. mars.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %