Hopp til innhold

Enka etter Kongo-drapet snakkar ut

Enka til sjåføren Abeidi Kasongo som var skoten og drepen i Kongo veit ikkje korleis ho skal klare seg. Tjostolv Moland frå Vegårshei og kameraten Joshua French er tiltalt for drapet.

Enken Bibeche Oledjeke i Kongo

Enka Bibeche Oledjeke saman med yngstedottera Bibish.

Foto: Privat

– Eg føler meg ikkje bra. Ikkje bra i det heile, seier Bibeche Oledjeke til TV2.

– Føler meg elendig

Enka møter opp i retten, saman med fleire av deira seks felles barn. Ifølgje TV-kanalen handlar dette først og fremst om at ho mista mannen sin, og at dei seks barna hennar no må vekse opp utan ein far.

– Sidan den dagen mannen min døydde, har eg følt meg elendig. Eg er dårleg heile tida, eg får ikkje sove om natta fordi eg tenkjer på han, seier ho.

Treng pengar

Aktor har bede om dødsstraff for dei to tiltalte nordmennene. Men ei dødsstraff vil ikkje hjelpe enka og dei seks barna. Ho er mest oppteken av korleis ho skal klare å forsørge barna.

– No har eg ansvaret for barna aleine. Korleis skal eg klare det, spør ho.

Enka treng pengar til mat, vatn, klede, straum og utdanning. Ho får noko hjelp frå slektningar. Olendehi føler eit stort sakn etter mannen sin.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie. Eg saknar nokon å snakke med. Mannen min ordna alt, seier ho.

Tjostolv Moland, Joshua French og hovedvitnene

Tjostolv Moland (t.v) og kameraten Joshua French er tiltalt for drapet på mannen til Oledjeke.

Foto: Vatn, Vegar K. / SCANPIX
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %