Hopp til innhold

Måtte avlive elgku etter fem meters fall: – Trist for elgbestanden

Viltnemnda måtte avlive ei elgku som hadde ramla ned i ei veggrøft i Lillesand. No leitar dei etter to elgkalvar, som også må avlivast.

– Det er trist at akkurat denne elgen måtte bøte med livet. Elgbestanden er laber, og difor er det viktig å spare gode produksjonsdyr, som denne kua, seier Rune Blix i Viltnemnda til NRK.

Det heile starta med at ein bilist observerte ein liten elgkalv som stod fast i eit gjerde langs vegen.

Viltnemnda vart kalla ut for å ta hand om krabaten ved Justøykrysset i Lillesand.

– Innsåg at vi måtte skyte ho

Rune Blix (midten)

Rune Blix i Viltnemnda var på plass då ei elgku blei skoten i ettermiddag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Eg høyrde ein lyd og gjekk mot denne grøfta. Det var då eg såg elgkua liggjande nede i grøfta, seier han.

Elgkua var altså i live då han kom til staden. Den hadde knekt eit bein og hadde truleg indre skader. Elgkua har falle kring fem meter.

– Vi forsøkte å få den på beina, men innsåg til slutt av vi måtte skyte ho, seier han.

Brannvesenet var på plass og fekk drege elgen opp frå grøfta.

Må avlive to kalvar

No leitar viltnemnda etter to elgkalvar på 1–2 månader, som tidlegare har blitt observert i nærleiken av elgkua. Også dei må avlivast.

– Dei er så små at dei ikkje kjem til å klare seg, så dessverre må vi avlive dei, seier han.

– Kalvane er som regel i nærleiken av mora, så eg reknar med vi skal finne dei ganske greitt, seier han.

Intervju med Rune Blix i Viltnemda etter at ei elgku måtte avlives etter å ha falt ned i ei dyp grøft.
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %