NRK Meny
Normal

Ellevill jubel då Jerv tok sin andre siger

Jerv tok sin andre siger for sesongen då dei slo Hønefoss 2–1 på heimebane.

Jerv-jubel

Jerv-spelarane jublar for 2–0 scoringa.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Utruleg herleg. Vi har spela godt lenge og berre venta på at vi skulle sette sjansane våre, seier Ohi Omoijuanfo.

Han vedgår at dei ikkje spelte vakker fotball.

– Det er mest krig og ikkje mykje vakker fotball, men slik er det. Vi tar krigen og vinn kampen, seier Omoijuanfo.

Eit unntak var 2–0 målet, som var ei vakker frisparkscoring.

– «Doffen» (Christopher MacConnacher) brukar å gjere slik på trening så eg vart ikkje overraska, men det var eit vakkert mål, seier Omoijuanfo.

Jerv-scoring

Jerv gjekk opp til 1-0

Foto: Sander Heggheim / NRK

Sju poeng på ei veke

Trenar Steinar Pedersen er nøgd med korleis laget har makta ei travel veke.

– Vi kjem litt tregt i gang. Vi skulle ha mykje energi, men det tek tid før vi kjem i gang. Slutten av fyste og byrjing av andre omgang var betre. Gutane har handtert den siste veka bra, med tre kampar på seks dagar og sju poeng. Det er eg særs nøgd med, seier trenaren.

Alexander Lind burde ha sendt heimelaget i leiinga midtvegs i første omgang då han kom aleine med keeper. Men skotet gjekk utanfor.

Men ingen av laga fekk ballen i nettmaskene før pause.

I andre omgang var det Jerv som ville aller mest. Med aggressivitet, høgt press og Alexander Lind og Ohi Omoijuanfo på topp vart Hønefoss sett på store prøver fleire gonger.

12 minutt ut i andre omgang fekk Jerv hol på byllen. Alexander Lind sende gultrøyene i leiinga 1–0.

Aleksander Lind setter ballen utenfor i kamp mot Hønefoss

Alexander Lind var aleine med keeper i første omgang. Avslutninga gjekk utanfor. I andre omgang sende han Jerv opp i leiinga.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Frisparkperle

17 minutt før full tid fekk heimelaget frispark frå kring 18 meter. På nydeleg vis skrudde Christopher «Doffen» MacConnacher ballen rundt muren og rett i mål. Jarosinski i Hønefoss-målet hadde ikkje sjanse til å nå ballen.

– Vi veit «Doffen» har eit godt skot, og at han smeller den i kassa var nydeleg, seier Jerv-trenar Steinar Pedersen.

Dermed kunne Jerv-spelarane ta ei skikkeleg jubelrunde rundt på Levermyr-graset til stor jubel hos heimepublikummet.

Sieieren vart ei god opplading til 17.-mai feiringa.

– No kan vi feire med godt samvit. Ta ei softis og kose oss, seier Omoijuanfo.

FK Jerv

Her sender Christopher MacConnacher Jerv opp til 2–0.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Perle frå Mane

Malick Mane laga spenning i sluttminutta. Eit nydeleg frispark frå hjørnet av 16-meteren gjekk rett i krysset.

Men det vart ikkje fleire scoringar i vårsola på Levermyr.

Dermed innkasserte Jerv sin andre strake heimesiger. Laget har berre tapt ein kamp på dei ni første kampane i 1. divisjon.