Hopp til innhold

Elgjeger skaut ulv i Froland

Ei vaksen ulvetispe på 38,5 kilo vart skoten i Froland torsdag føremiddag.

En voksen ulvetispe på 38,5 kilo ble skutt i Froland torsdag formiddag.

Denne ulven vart skoten i Froland torsdag.

– Ulven vart sett også i går av eit elgjaktlag, men i det var først i dag den vart felt, seier rovviltkontakt Lars Johan Skjeggedal i Statens naturoppsyn (SNO) til NRK.

Det var ein elgjeger som skaut ulven frå 60-70 meter, ifølgje avisa Frolendingen som først omtala saka.

Opp mot 20 sauer drepne

1. oktober starta lisensjakt på ulv. I region 2 som omfattar Vestfold, Buskerud, Telemark og Aust-Agder er det lov til å skyte to ulvar fram til 31. mars neste år.

Før det var det gitt skadefellingsløyve på ein ulv i det same området som ulven vart skoten i.

– Fleire bønder saknar sauer som dei ikkje finn. Vi har vel opp mot 20 sauer vi har utført skadedokumentasjon på der konklusjonen er antatt ulv eller dokumentert ulv, seier Skjeggedal.

Jegeren beheld ulven

Han veit førebels ikkje om det kan vere fleire ulvar i området.

– Det er funne DNA frå ein ulv i Tovdal som er sendt til analyse. Det er usikkert om det gir treff. Men vi kan nok seie om det er denne ulven. Førebels veit vi ikkje det, seier han.

Sidan det er lisensjakt vil jegeren sjølv få behalde ulven.

– Vi undersøker dyret, veg den og tek vevsprøver for å sikre DNA. Så er det jegeren sjølv som bestemmer kva han vil gjere med ulven, seier Skjeggedal.

Ulv skutt i Froland

Ein elgjeger skaut ulven i Froland.

Foto: Baard Larsen/Frolendingen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %