NRK Meny
Normal

«Petra» har ikkje vist seg frå si verste side enno

Fleire kommunar i Agder har blitt råka av dei store vannmengdene som har bøtta ned dei siste dagane. Men det verste har ikkje kome enno.

Bil i flomvann

Arendalsvassdraget har gått over sine bredder. I natt skal det fosse ned på nytt. Dette bildet er tatt i Gjerstad helt øst i Aust-Agder.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Meteorologisk institutt har sendt ut ekstremvarsel for ti fylke, inkludert Sørlandet. Ekstremværet som har fått namnet «Petra» er forventa å slå til for full kraft natt til torsdag, med store mengder nedbør.

Det har allereie vore store nedbørsmengder dei siste dagane, noko som har ført til flaum fleire stader på Agder.

Står utan vatn

I Gjerstad står idrettsanlegg under vatn, Prestfossdammen har gitt etter og kommunen er i kontinuerleg beredskap. Ordførar Kjell trygve Grunnsvoll seier han aldri har opplevd slike vassmengder i Gjerstad, som fører til fleire konsekvensar for innbyggjarane.

Bro Søndeled

Ei bru ved Søndeled måtte stengast onsdag kveld.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

– Eg har registrert at nokre har fått problem med kloakken. Men den klart største utfordringa har vore framkomelegheita. Det har vore nokre stengde vegar, og nokre vegar som ikkje har vore framkommeleg på grunn av høg vasstand.

I tillegg til dette er store delar av Gjerstad utan drikkevatn etter flaumen i Gjerstadvassdraget.

Den store vassføringa dei siste dagane har påført skadar på leidningsnettet, opplyser kommunen.

Det arbeidast no med å finne og reparere skadane, og fleire område vil vere utan vatn medan feilsøkinga går føre seg.

Opp mot 70 millimeter nedbør

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl fortel at sørlendingane må førebue seg på mange millimeter nedbør det neste døgnet.

Stengt flom

Fleire stader må vegar stengast.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– I dag kan det kome opp mot 30 millimeter nedbør. Når det gjeld torsdag så kan det kome frå 30 til 70 millimeter nedbør. Så det blir innmari mykje, hovudsakleg frå siste del av onsdagen og natt til torsdag. Det er denne situasjonen vi har valt å kalle «Petra», og den vil nok skape store problem.

Førebels har «Petra» ramma Austlandet verst, men det kan endre seg når bygene aukar natt til torsdag.

– Det er Agder-fylka som først får føling med været, seint onsdag kveld. Deretter vil det bevege seg nordover i løpet av torsdag formiddag. Dei fleste fylka vil bli ramma, men ikkje alle like mkjye, seier vakthavande meteorolog Øyvind Johnsen til NTB.

Mange tok turen til Rygenefossen for å se på vannmassene.

Mange skuelystne har tatt turen til Rygenefossen i Grimstad for å sjå på vassmengdene.

Høg vassføring i fleire dagar

Dagleg leiar i Arendalsvassdragets Brugseierforening (AVB), André Gjerde, forventar at flaumtoppen er nådd, men er framleis spent på torsdagen.

– Vi har gjort tiltak i framkant av denne flaumen, ved å førehandstappe dei største magasina våre. Vi har tatt høgde for forventa nedbør som kjem torsdag, men viss det kjem meir nedbør enn forventa så har vi ikkje meir reguleringskapasitet igjen.

Han ber folk vere aktsomme på grunn av den høge vassføringa.

– Eg har sett at mange har gjort tiltak for å redusere skadeomfanget. Ein må passe på at ein ikkje tek nokre sjansar i nærheita av vassdrag. Vassføringa vil vere høg mange dagar framover, sjølv om det sluttar å regne torsdag.

Ekstremværet Petra

Ekstremvêret «Petra».