Ein til sjukehus med luftambulanse
Ein av dei åtte personane, som vart skada i ei trafikkulykke på E39 i Flekkefjord, er frakta til sjukehus i Stavanger med luftambulanse. Dei sju andre får behandling på sjukehuset og legevakta i Flekkefjord. Tilstanden til dei åtte er ikkje kjent.