Hopp til innhold

Ein av dei minst besøkte kommunane i Noreg: – Eg heldt på å sette kaffien i halsen

Eit steinkast unna skjergard og sørlandsidyll ligg ein av dei minst besøkte kommunane i landet på sommarstid. NRK har prøvd å finne svaret på kvifor.

Kong Harald og dronning Sonja tas imot av blomsterbarn når de ankommer Froland kommune

Tidlegare i år fekk Froland kommune besøk av kongen og dronninga for første gong.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Eg heldt på å sette kaffien i halsen då eg las det, fortel Kristin Ljosland.

Slik reagerte frolandspatrioten da ho las Aftenpostens artikkel om dei minst besøkte kommunane i landet i sommarvekene.

På lista over dei topp ti minst besøkte kommunane, ligg nemleg Froland på Sørlandet.

Tala tek utgangspunkt i kortbruk frå turistar i veke 25–32 i fjor. I undersøkinga blir turistar definerte som folk som til vanleg bur andre stader i Noreg.

Utanlandske turistar er altså ikkje rekna med.

Lokal guide

Sørlandskommunen grensar blant anna til dei populære sommarbyane Arendal, Tvedestrand og Grimstad.

For å teste attraksjonane til kommunen, reiser NRKs reporter ut med lokalpatrioten Kristin Ljosland som guide.

Ho meiner det er meir enn nok av attraksjonar i Froland.

– Det blir ingen problem å motbevise dette, seier Ljosland.

En liten gutt holder opp et flagg i været under kong Haralds besøk i Froland

Det var full folkefest og strålande vêr under det kongelege besøket i Froland tidlegare i år.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Dagnys Kompebu

Første stopp i Froland er Dagnys Kompebu, driven av Dagny Åsen. Ho er i full gong med å lage kompar.

Åsen fortel at ho i løpet av éin dag kan lage opp mot hundre kompar.

Værkshuset Froland

Vidare går turen til Værkshuset Froland. Ljosland fortel at besøkande no kan overnatte i lokalet.

Det blir drive av eldsjelene Kathrine og Rune Åsmundsen.

– I løpet av hausten skal det stå ulike musikarar på scena, det blir servert mat og andre kulturelle innslag, seier Rune Åsmundsen.

Froland kommune

Kathrine og Rune Åsmundsen har planar for Værkshuset Froland for hausten.

Foto: Miranda Rom Rysstad / NRK

Frolands Verk

Deretter tek lokalguiden NRKs reporter vidare til eit stort og ærverdig bygg: Frolands Verk.

Her blir det også tipsa om mange fine turar i området.

Lokalguiden bankar på døra. Når Rune Åsmundsen opnar, knirkar det godt i det gamle bygget frå 1791.

Det var også her festen blei halden då kongeparet kom på besøk i mai i år.

Froland kommune

Rune Åsmundsen fortel at det er mykje historie frå det gamle bygget.

Foto: Miranda Rom Rysstad / NRK

Åsmundsen fortel at det er mykje historie rundt Frolands verk.

– Ein heilt spesiell person har døydd her, seier han.

Han fortel at den kjente matematikaren Niels Henrik Abel vart forlova med ei tenestejente som jobba der.

Han brukte mange feriar der og i 1829 døydde han på bukkerommet.

Har du besøkt Froland kommune?

SMIA Bar

Ordførar Inger-Lene Håland står saman med Agnes Wagner utanfor Smia Bar.

13-åringen har fått den første sommarjobben sin i kiosken.

Gjengen rundt kiosken avsluttar dagen med ein is.

Froland kommune

Ordførar Inger-Lene Håland har også blitt med på dagens omvising i kommunen. Ho møter NRK saman med Agnes Wagner.

Foto: Miranda Rom Rysstad / NRK

NRKs reporter konkluderer etter dagens oppdrag:

– Det ser ikkje ut til at dette er feil stad å vere om sommaren, seier ho.

null
Spiller nå
Viggo Venn skaper god stemning i Sørlandssendingen 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,63 kr
Dyrest kl. 09 0,72 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jul 2023 – jul 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %