Hopp til innhold

E39 var stengd i fleire timar

Eit vogntog skapte trøbbel for trafikken på E39 mellom Mandal og Kristiansand.

E39 stengt etter ulykke ved Valand

Eit vogntog på tvers sperra E39 i fleire timar.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

Vegen vart stengd ved Hobdesundet aust for Valand i Mandal rundt klokka fire natt til måndag.

Vegen var open for normal trafikk igjen litt over klokka ti måndag føremiddag.

Årsaka var eit trafikkuhell med eit vogntog, som sperra trafikken i begge retningar.

– Krevjande

Ulykke på E39 i Mandal

Autovernet fekk seg ein trøkk.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK
Johan Mjaaland

Johan Mjaaland er distriktssjef i Statens vegvesen region sør.

Foto: Svein Harry Johnsen/NRK

– Det er litt uklart kor lenge den vil bli stengt. Berging pågår og det tek tid. Vegen vil nok vere stengd i endå nokre timar, sa Stian Molteberg hos Vegtrafikksentralen litt før klokka åtte måndag morgon.

– Dei siste signala vi har fått frå Vegtrafikksentralen er at vegen kan opnast ein gong i 11-12-tida, sa distriktssjef i Statens vegvesen region sør, Johan Mjaaland.

– Kva er årsaka til at dette har teke så lang tid?

– Vi ser av og til at berging av store vogntog er krevjande. Denne ligg vanskeleg plassert midt i vegbana på tvers, og ein skal komme til med bergingsbilar og få det vekk. Det er ein krevjande jobb, seier Mjaaland.

Omkøyring via Holum

Politiet venta først at vegen skulle opne att rundt klokka åtte. Dette vart seinare utsett til klokka 11.

Omkøyring var skilta via Holum.

– Omkøyringsvegen tek berre nokre minutt ekstra i forhold til å køyre E39, sa Molteberg hos Vegtrafikksentralen.

Sjåføren av vogntoget er køyrt til sjukehus for sjekk.

Strekninga er også hovudfartsåra mellom Stavanger og Kristiansand.

Hobdesundet

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %