NRK Meny
Normal

E39 skal vere klar i august

Utbetringsarbeidet etter uveret «Synne» på E39 ved Kvinesheia vil vere ferdig i august, lovar statsråd Ketil Solvik-Olsen.

vei rast ut

Slik ser E39 på Kvinesheia i Kvinesdal ut fire månader etter at ekstremvêret «Synne» herja.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Det kjem fram i eit svar samferdselsministeren har gitt til Stortingsrepresentant Janne Sjelmo Nordås (Sp), etter at ho ville ha full gjennomgang av økonomiske støtteordningar etter ekstremvêr og naturkatastrofar.

Nordås reagerte på at skadane på E39 i Kvinesdal framleis ikkje er reparert fire månader etter ekstremvêret «Synne» i desember i fjor.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Roald, Berit / NPK

– Arbeid med å utbetre skadar på vegnettet vert gjennomført så snart det er praktisk mogleg, uttalar Solvik-Olsen i svaret til Nordås.

– Trafikkfarleg slik det er i dag

I samband med uveret «Synne» i desember 2015 rasa E39 ut på to stader langs elva Møska i Lyngdal kommune. Solvik-Olsen seier det er rasjonelt å utbetre begge stadane samtidig.

– Utrasinga ved Røysgårdsletta er nokså enkel å utbetre, medan utbetringa ved Årbråtan er meir komplisert og kostnadskrevjande.

Det skal vere lagt opp til at arbeidet skal bli gjennomført i tida mai til august, då det er perioden med lågast vasstand.

Janne Sjelmo Nordås, Senterpartiet

Stortingsrepresentant Janne Sjelmo Nordås (Sp).

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Ein del av svaret er logisk i forhold til at ein må reparere når det er låg vasstand slik at ein får gjort det permanent. Men samstundes er eg utolmodig på vegner av trafikantane for at vi skal få løyst det, det er jo trafikkfarleg slik som det er i dag, seier Nordås.

Ho etterlyser eit meir konkret tidspunkt frå statsråden.

– Det er eit ganske stort tidspenn frå mai til august, og eg vil tru at alle som ferdast langs dette strekket er utolmodige for å få vegen trygg og i god farbar stand. Då kan det vere lenge å vente til slutten av august.

Vil koste 30 millionar

I svaret frå Solvik-Olsen kjem det fram at Statens vegvesen har kalkulert kostnadene til om lag 30 millionar kroner.

Statsråden uttalar at strekninga skal vere sikker slik ho er i dag.

– Både ved Røysgårdsletta og ved Åbråtan er fartsgrensa redusert frå 70 km/t til 50 km/t. Statens vegvesen har vurdert dei midlertidige tiltaka til å gi forsvarleg trafikkavvikling fram til utbetringane er gjennomførte.

Nordås meiner det likevel er viktig å kome i gang så fort som mogleg.

– Sjølv om farten er sett ned på strekninga så er det behov for å få gjort noko. Så eg forventar at ein kjem raskt i gang med å få gjort denne utbetringa så tidleg som mogleg i den perioden ein har anslått er aktuell mellom mai og august.