E18 stengd etter brann i lastebil

E18 ved Engelsheitunnelen i Lillesand er framleis stengd i vestgåande retning etter ein brann i ein lastebil.

Ein lastebil tok fyr på E18 ved Engelsheitunnelen i Lillesand.

Brannvesenet fekk kontroll på brannen raskt etter at dei kom til staden. FOTO: HEIDI RØNNEVIG ANDERSEN

– Brannen er sløkt, men det kjem til å ta tid med opprydding, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Per Kristian Klausen.

Hendinga skjedde i vestgåande retning mot Kristiansand.

Politiet melde at trafikken gjekk som normalt igjen kring 40 minutt etter at brannen vart varsla. Seinare vart den stengd igjen i påvente av bergingsbil.

Ved 20.30-tida opna austgåande retning for normal trafikk. Vestgåande retning er framleis stengd. Omkøyring er skilta.

Fleire bilistar skal ha snudd og køyrd mot køyreretninga då vegen var stengd. Dette skapte farlege situasjonar for naudetatane som jobba på staden. Ein bilførar vart fråteken sertifikatet.

Brannen skal ha starta i eit dekk.

Politiet fekk melding om brannen klokka 19.04.

NRK oppdaterer saka.

lastebilbrann

Brannen starta truleg i eit dekk på lastebilen.

Foto: Heidi Rønnevig Andersen