NRK Meny
Normal

Dyrka cannabis i eigen hage

Ein 39 år gammal mann frå Lyngdal er sikta for grov narkotikakriminalitet etter at politiet fann fleire hasjplantar heime hos han.

Det var i helga at ei politipatrulje oppdaga ei stram lukt. Polititenestemennene forstod raskt at det dreia seg om cannabis.

– Dei kjende ei stram lukt frå cannabisplantane. Etterkvart fekk dei også auge på dei, seier lensmann i Lyngdal Anne Margrethe Ruud til NRK.

Det var Lister24 som først omtala saka.

Til saman 22 plantar stod i potter utanfor huset til 39-åringen. I tillegg har politiet beslaglagt 400 gram tørka marihuana.

– Mannen har erkjent forholdet, og vi har ingen andre mistenkte i saka, seier Ruud.

Sørlendingen er sett fri etter avhøyr og politiet etterforskar no saka vidare.

– Mannen er sikta for grov narkotikakriminalitet, seier lensmannen.