NRK Meny

Dyrebare dagar for FK Jerv: – Uvurderleg for oss

Dei fleste spelarane i FK Jerv jobbar eller studerer ved sidan av fotballen. Difor vert treningsleiren på La Manga i Spania ekstra viktig.

FK Jerv på La Manga

Jerv på treningsfeltet på La Manga torsdag ettermiddag. Trenar Arne Sandstø (t.v.) hoppa inn i oppvarminga, men måtte innsjå at touchen ikkje er slik den ein gang var.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi er ikkje heilprofesjonelle og er ikkje saman alle timane i døgnet heime. Her brukar vi meir tid saman. Det må vi utnytte til ulike prosessar som går både på lagbygging og detaljane som gjer oss betre, seier Jerv-trenar Arne Sandstø til NRK.

Arne Sandstø, FK Jerv

Jerv-trenar Arne Sandstø på treningsfeltet på La Manga i Spania.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Under La Manga-opphaldet skal spelarane gjennom doble treningsøkter fleire dagar. I tillegg skal laget spele treningskampar mot Kongsvinger og Fredrikstad.

– Heime møter vi som regel opp og reiser heim etter trening. Her får vi mykje meir tid til samtaler og bygge laget vi skal, både på og utanfor bana. For oss er det uvurderleg å ha ein slik leir, seier Sandstø.

Sjefen ventar betre spel

Mellom øktene får spelarar, trenarar og støtteapparat god tid til å bli betre kjende med kvarandre.

– Eg trur det er veldig viktig. Vi er berre ei semiprofflag endå. Vi har jobbar ved sidan av fotballen, men her kjem vi tett på kvarandre. På fritida spelar vi kort og kosar oss, og har det bra sosialt. Det trur eg gjer at vi blir ein tettare gjeng, seier keeper Øyvind Knutsen.

Jerv har lagt bak seg to sterke sesongar i 1. divisjon. Begge enda med kvalifiseringsspel til eliteserien. Der vart det tap mot Start i 2015 og mot Stabæk i fjor. Under La Manga-opphaldet legg dei grunnlaget til ein ny sesong.

– Vi har vore gjennom tøff trening i halvanna månad, men har byrja å sleppe opp litt. Eg ventar å sjå friskare takter i kampane vi spelar her. At vi blir betre i det totale kampbilete og ikkje berre i fasar, men at heile kampen ser betre ut enn det har gjort til no, seier Sandstø.

Øyvind Knutsen, FK Jerv

Keeper Øyvind Knutsen saman med keepertrenar Tommy Runar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Senegalesarar på prøve

Jerv har spelt tre treningskampar så langt i vinter. Siger mot Vindbjart, og tap mot Fløy og Viking er status så langt. Fredag ettermiddag møter dei Kongsvinger på La Manga.

– Kongsvinger er tøffe å møte. Eit veldig spelande lag. Det blir utfordrande kollektivt. Men for oss er det viktigaste korleis vi sjølve ser ut. Det er det vi jobbar med kvar einaste dag, seier Sandstø.

Det er venta at to senegalesarar, som er på prøvespel i klubben, får speletid mot Kongsvinger. Aboubakrine Sall og Elhadji Malick Hane er begge offensive spelarar.