Hopp til innhold

Dykkar død etter ulukke

Ein 45 år gammal mann frå Tyskland mista livet i ei dykkarulykke ved Trysnes i Søgne laurdag ettermiddag.

dykkerulykke

Ein 45 år gammal mann frå Tyskland mista livet i ei dykkarulykke ved Trysnes i Søgne laurdag ettermiddag.

Foto: Ronny Blix

Personen vart teken på land av meddykkarar, men livet stod ikkje til å redde.

Alle naudetatane rykka ut til staden då meldinga kom ved 15-tida laurdag.

Meddykkarar fekk vedkomande på land, og det vart gitt livreddande førstehjelp på staden.

Trysnes Marina

Dykkeren blei henta opp ved Trysnes Marina.

Foto: Ronny Blix

Personen vart erklært død på staden av lege, melder politiet.

Erfarne dykkarar

Innsatsleiar i politiet, Hans Waage, opplyser at det er snakk om eit følgje med erfarne dykkarar som har hatt tilhald på Trysnes Marina og feriesenter.

– Dei skulle berre ha eit kort dykk i dag rett utanfor Trysnes, og dykka makkervis. Han som er forulykka dykka saman med ein kamerat, og då dei var ferdige å dykke og skulle opp så oppdaga kameraten at vedkomande ikkje var komen opp. Han går ned igjen, og etter noko tid finn han den avdøde på omtrent 30 meters djup.

Den omkomne vart då bringa til land, men viste ingen livsteikn.

40 minutt under vatn

Ifølgje Waage viser vitneopplysningar at mannen var under vatn i 40 minutt eller meir.

– Det er vanskeleg å seie kva som har gått gale, det vil forhåpentlegvis den tekniske undersøkinga gi svar på. Men dette er erfarne dykkarar som dykkar med utstyr som er tiltenk erfarne dykkarar, så vi veit førebels ikkje årsaka til ulukka.

– Vi må vere nøye med Kripos og varsling av pårørande. Difor ønskjer vi førebels ikkje å gå ut med fleire opplysningar, seier operasjonsleiar Martin Ugland i Agder politidistrikt.

dykkerulykke

Ifølgje Waage viser vitneopplysningar at mannen var under vatn i 40 minutt eller meir.

Foto: Ronny Blix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %