Det var ordførar Einar Halvorsen som delte ut Arendal kommune sin frivillighetspris. Prisen består av eit relieff av arendalskunstnaren Stine Jensen og 10 000 kroner.
– ØIF Arendal er utruleg viktig for byen. Utan dei frivillege hadde det ikkje vore mogleg å nå så langt som ØIF har gjort til no, sa ordføraren då han delte ut prisen.
– Veldig kjekt
Kring 100 personar jobbar dugnad på kvar einaste heimekamp ØIF Arendal spelar i Sør Amfi.
Dei bidreg med alt frå vaffelsteiking, rigging av bane, kiosk, parkering og billettsal.
– Det er veldig kjekt at kommunen set pris på innsatsen vi gjer. Vi står på for klubben i vårt hjarte. Det går med mange timar, men vi har det moro ilag, sa Frode Olsen som tok imot prisen på vegne av alle dei frivillege.
Har det moro
I februar i fjor skreiv NRK.no om dugnadsgjengen til ØIF Arendal.
Der møtte vi ein gjeng som legg ned mange timar for klubben.
– Det er kjempeartig. Vi er ein god gjeng. No har vi halde på sidan i fjor haust i det nye anlegget, og no fungerer alt som det skal, sa speaker Knut Georg Kvifte.
Nokre av dei frivillege tok seg tid til å vere med på å ta imot prisen.
Foto: Sander Heggheim/NRK