Hopp til innhold

Drøymestart for Vipers i meisterligaen

Vipers Kristiansand tok ein enkel siger i sesongens første meisterligakamp. Men det lugga litt for tittelforsvararen frå Sørlandet - trass i storsiger.

Vipers - Brest

Sjå sendinga vår med reaksjonar etter Vipers sin første meisterligakamp for sesongen. Der slo dei franske Brest.

– Det var verkeleg moro. Vi gjorde ein god jobb. Vi kan gjere det betre, men det var moro og bra. Eg er skikkeleg nøgd i dag, seier Anna Vyakhireva etter meisterligadebuten for Vipers.

Vipers viste at dei blir å rekne med i Europa også i år.

Dei slo franske Brest, med norske Helene Fauske på laget, 31-24 i den første kampen i gruppespelet.

Alt Vipers har teke i har blitt til gull dei siste to sesongane.

Dei har vunne rubbel og bit både heime i Noreg og ute i Europa.

dkS4Y6v5YRk

2021: Katrine Lunde og Vipers vinn meisterligaen for første gang.

Vipers slo laurdagens motstandar Brest i finalen.

Vipersjubel i Budapest

2022: Vipers forsvarte meisterligatittelen.

No er jakta på den tredje strake Europa-triumfen i full gang.

Svak start, men så...

Det var gjestene frå Frankrike som kom best i gang i laurdagens kamp i Kristiansand. Vipers slurva i angrep og sleit med å stoppe Brest, som leia med to mål midtvegs i første omgang.

Men då kampuret viste 19 minutt tok Vipers time-out. Det som vart sagt og gjort der gav umiddelbar effekt.

Katrine Lunde plukka den eine ballen etter den andre, og i angrep sette Marketa Jerabkova og Jamina Roberts ballen i nettet.

Det gjorde at Vipers gjekk til pause med i leiinga med 18-13, og vegen til to poeng såg grei ut.

– Det kjennest veldig bra ut. Vi har mykje meir å hente og vinn likevel med sju mål. Det kjennest ut som vi har noko bra på gang, seier Roberts.

Les også Dette fekk Vipers-spelarane til å måpe: – Eit sjukt tal

Tuva Høve, Vipers Kristiansand

Lunde om favorittstempel: – Stressar ikkje meg

Men den andre omgangen starta som den første. Brest sette ballen i mål og Vipers slurva både i forsvar og angrep.

Ti minutt ut i omgangen var dei berre tre mål bak Vipers.

Likevel klarte aldri dei franske kvinnene å hente inn igjen sørlendingane.

– Det er godt å vere i gang, men det viktigaste er at vi jobbar. Hadde eg sett nokon som ikkje jobba hadde eg blitt uroa, seier keeper Katrine Lunde.

Fleire ekspertar meiner Vipers er ein av gullfavorittane i meisterligaen denne sesongen.

– Eg lever greit med det. Det stressar ikkje meg. Det er bra at folk syns vi er gode, og den sjølvtilliten må vi ta med oss. Viss vi trur vi har tatt gullet no, så kjem det til å gå dårleg, ler Lunde.

Sjå Anna Vyakhireva oppsummere Vipers-sigeren mot Brest.

Stjerner ut - nye stjerner inn

Det har vore fleire utskiftingar av sentrale spelarar på Vipers-laget før årets sesong.

Stjernene Isabelle Gullden og Nora Mørk har reist frå Kristiansand.

Men den russiske stjernespelaren Anna Vyakhireva og den svenske landslagssjerna Jamina Roberts har komme inn.

– Det kan nok ta litt tid før laget er skikkeleg samspelt. Det såg vi i denne kampen. Likevel klarer dei å vinne nokså greit. Det viser at dette laget vil bli å rekne med heilt i toppen også i år, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

– Vipers Kristiansand og Györ kjem til finalehelga i Budapest i juni neste år. Det føler eg meg ganske sikker på, seier Langfeldt.

Sjå intervju med Jamina Roberts etter sigeren mot Brest.

Les også Vipers vant serieåpningen - ekspertene mener fjorårets mestre er enda bedre i år

Vipers

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %