Hopp til innhold

Drøymer om ny «the double»

Monica Knudsen frå Arendal har vunne alt som er med Lillestrøm dei to siste åra. No håpar suksesstrenaren frå Sørlandet på nye titlar.

Monica Knudsen fra Arendal har vunnet alt som er med Lillestrøm de to siste årene. Nå håper suksesstreneren fra Sørlandet på nye titler.

Sjå intervju med Monica Knudsen.

– Alt er mogleg i fotball. Det har vi sett mange gonger. Det er ikkje dødsviktig å ta the double igjen. Det hadde berre vore stas om det skulle gå vegen, seier Knudsen til NRK.

Cupmester

Monica Knudsen feirar cupgull saman med Isabell Herlovsen i fjor haust.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

For første gang på mange år står Sørlandet utan eit toppserielag for kvinner. Amazon Grimstad rykte ned til 1. divisjon i fjor.

Men Sørlandet er likevel godt representert i Toppserien. Både Lene Mykjåland (Lillestrøm) og Ingvild Stensland (Stabæk) er sentrale spelarar på sine lag.

Sterke sesongar

Dei to siste åra har Monica Knudsen leia Lillestrøm til både serie- og cupgull. Førre sesong vart det seriegull fem poeng føre hardtsatsande Avaldsnes.

I cupfinalen var det igjen duka for eit oppgjer mellom dei to klubbane. Også her var det Lillestrøm og Monica Knudsen som trekte det lengste strået.

I Meisterligaen rauk laget ut i åttedelsfinalen der dei tapte mot regjerande meister Frankfurt.

Knudsen vart kåra til årets trenar av Norsk Fotballtrenarforeining etter fjorårssesongen.

Jubelscener etter kampen

Sjå Monica Knudsen og Lillestrøm feire seriegullet i fjor.

Droppa La Manga

I oppkøyringa til den nye sesongen har Knudsen og Lillestrøm droppa å reise på treningsleir på La Manga. I staden har dei trent heime i Norge.

– Det er blant anna fordi det er tett til seriestart. Og så vil vi spele internasjonale kampar. Det er viktig for oss. Vi skal blant anna spele mot svenske Eskilstuna som kjempa om tittelen i fjor, seier ho.

– Vi jobbar med mykje av dei same tinga. Internasjonale kampar er eit suksesskriterium for oss. Vi prøver å utvikle oss. Vi har jobba med ein annan formasjon. Vi må bli betre fordi dei andre laga gjerne vil slå oss, seier ho.

Trur på tøff kamp

Arendalitten, som vann gull i Sidney-OL i 2000, trur Lillestrøm vil få tøff kamp om gullet i både serie og cup denne sesongen.

– Det blir veldig spennande å sjå Avaldsnes med ny trenar igjen. Dei har eit solid lag. Så blir det spennande å sjå om Stabæk klarer å reise seg igjen. Røa ser spennande ut. Det er fleire som er interessert i å henge seg på, seier Knudsen.

Lillestrøm opnar sesongen borte mot Kolbotn måndag 28. mars.

LSK feirer med champagne i garderoben etter seier i cupfinalen.

Sjå Lillestrøm feire cupgullet i fjor.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %