– Det er viktig for oss å kvalifisere oss til europacupen. Vi ynskjer å tilby vårt publikum europacupspel, seier trenaren til NRK.
Marinko Kurtovic er inne i sin tredje sesong som ØIF-trenar.
Foto: Sander Heggheim/NRKFørre sesong tok arendalittane seg til tredje og siste kvalifiseringsrunde til EHF-cupen – den nest gjævaste europeiske turneringa.
Der vart det tap mot den spanske toppklubben Granollers.
Trur dei bør vinne med 6–7 mål
Laurdag tek ØIF Arendal imot rumenske Timisoara i andre kvalifiseringsrunde. Laget vart nummer tre i den rumenske serien førre sesong.
– Rumensk handball har eksplodert både økonomisk og sportslegg sett. Spesielt på kvinnesida. Timisoara har styrka stallen markant denne sesongen med spelarar frå sju ulike nasjonar. Dette er eit veldig godt lagt, seier Kurtovic.
Trenaren meiner laget bør vinne heimekampen med 6–7 mål før returmøtet i Romania neste helg.
Svenn Erik Medhus har gjort comeback og spelar mot rumenarane.
Foto: Leif Dalen/NRK– Vi kjem til å få det tøft i Romania, så her blir kvart mål viktig, seier han.
Spelar i Kristiansand
Heimekampen mot rumenarane er flytta frå Sør Amfi i Arendal til Aquarama i Kristiansand på grunn av bustadmesse i Sør Amfi.
– Det er ikkje optimalt, men eg håpar folk kjem og støttar oss og gjer oss den åttande spelaren i ryggen, seier han.
Alt tyder på at publikum frå sjå ein keeper frå Kristiansand i ØIF-buret. Førstekeeper César Almeida er skada. Inn kjem Svenn Erik Medhus som gjorde comeback i tapet for Fyllingen onsdag.
– Vi torer ikkje å gamble med Cæsar. Det må vere fantastisk for Svenn å spele føre sitt eige publikum, seier Kurtovic.
– Eg gler meg veldig. Det blir stort for meg å spele i Aquarama. Eg er litt usikker på motstanden, men trur det blir tett og jamnt med mykje hardt spel. Eg trur det kan bli gøy for publikum, og dei håpar eg det blir mange av, seier Medhus.
Vipers Kristiansand spelar heimekampane sine i Aquarama. Laurdag er det ØIF Arendal som er heimelag.
Foto: Sander Heggheim/NRK