Hopp til innhold

Droppar femdagers skule

Kommunestyret i Audnedal bestemte torsdag kveld å behalde firedagers skule for 1. og 2. trinn på Byremo og Konsmo barneskular.

Skule i Audnedal

Det blir framleis firedagers skule i Audnedal.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

– Det vart vel som etterkvart venta. Dei som ynskte å halde fram med firedagers skule fekk eit solid fleirtal, seier ordførar Tønnes Seland til NRK.

Kommunestyret valde å halde fram med dagens ordning med 14 mot 3 stemmer. Dermed vil dei rundt 60 elevane dette gjeld framleis ha fri onsdagar.

Ordføraren var ein av dei tre som ville ha full skuleveke med fem dagar.

– Ein vil jo alltid ha fleirtal for det ein meiner er riktig sjølv, seier han.

Styrkjer SFO

Men ordføraren er likevel positiv til å halde fram med firedagers veke. Årsaka er at kommunestyret har løyvd 220 000 kroner for å styrkje SFO-tilbodet.

– Det betyr at vi får eit skikkeleg heildagstilbod alle dagar også i skuleferien, seier Seland.

Ordføraren meiner at kommunen sitt tilbod er vesentleg styrka, sjølv om ein ikkje gjekk inn for full skuleveke.

– Vi får ei satsing på SFO og det vil vere eit fullverdig for foreldre som må jobbe onsdagar, seier han.

– Som kommune er vi komme veldig styrka ut av dette. Det skulle berre mangle, for her låg vi alt for langt etter, seier han.

Varsla omkamp

Bente Naglestad, som er rektor og einingsleiar ved Bjelland oppvekstsenter ville ha full skuleveke.

– Eg er ikkje overraska. Det var det eg hadde venta. Det var ikkje noko stort sjokk, seier Naglestad til NRK.

Ho varsla omkamp dersom ein ikkje fekk på plass eit styrka SFO-tilbod.

– Viss dei ikkje klarer eit skikkeleg SFO-tilfod så får vi prøve å lage ein omkamp, men den tid, seier Naglestad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %