Hopp til innhold

Drittlei av hundebæsj på gata

Ei rekkje personar NRK.no møtte på gata i Kristiansand er mektig lei av hundebæsj som ligg strødd over heile byen. Kommunen vil ikkje rydde opp før til våren og ber hundeeigarane ta ansvar.

Hundebæsj

Det ligg hundebæsj mange stader i Kristiansand sentrum. Mange reagerer på at hundeeigarane ikkje ryddar opp etter seg.

Foto: Nina Eilertsen/NRK

Per Kjelsås

Per Kjelsås

Foto: Nina Eilertsen/NRK

– Det går ikkje an. Trur dei at det forsvinn sjølv om det ligg i snøen? Det gjer det jo ikkje. No dukkar det opp alle vegar. «Krekslig», seier ein vi møtte fredag ettermiddag.

– Dei bør ta opp dritten etter seg, seier ein annan.

Du har sikkert sett dei sjølv. Kanskje har du også vore så uheldig at du har trakka i hundebæsjen i Kristiansand sentrum.

Vil ikkje rydde

Mange reagerer på at hundeeigarar droppar å plukke opp bæsjen etter hunden sin. Det er kommunen som må rydde opp dritten, men det skjer ikkje med det første.

– Det er ikkje lett å feie fortaua når det ligg snø der. Det er vanskeleg. Grusen som ligg på fortaua ynskjer vi at skal liggje der så lenge det er snø og is, seier avdelingsleiar i ingeniørvesenet i Kristiansand, Per Kjelsås til NRK.no.

Kommunen har vurdert å ta i bruk stativ og automatar med posar, for å gjere det lettare for hundeeigarar som gløymer å ta med pose på tur.

Men avdelingsleiaren meiner at det hadde vore heilt feil bruk av pengar.

– Feil bruk av pengar

– Det er ikkje slik at skattebetalarane skal betale for hundehaldet til folk. Det er ikkje riktig. Det står jo i politivedtektene at ein skal fjerne hundebæsj som hundeeigar, seier Kjelsås.

Fram til våren må kristiansandarane altså bu seg på å sjå hundebæsj i gatene.

– Eg tykkjer det er veldig trist. Du må liksom sjå deg for heile tida når du går tur. Det er jo så fint elles her, seier ein vi møtte på gata.

Hundebæsj i Kristiansand

Hundebæsj irriterer folk som går i gatene i Kristiansand.

Foto: Nina Eilertsen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %