Hopp til innhold

Undercover-agent avslørte drapstiltalt kvinne

Politiet tok i bruk heile «verktøykassa» då dei avslørte at ei sjubarnsmor frå Kristiansand skal ha teke livet av faren og ein tidlegare sambuar. No blir også tiltalen utvida.

Tekniske undersøkelser drapsiktet kvinnes bopel Kristiansand

Teknikarar frå politiet undersøkte kvinna sin bustad etter at ho vart pågripen. Det var ei omfattande etterforsking som gjorde at dei til slutt sikta kvinna for to drap. No er ho tiltalt.

Foto: Ola Mjaaland / NRK

Etter det NRK får opplyst brukte politiet mange verkemiddel for å kunne bevise at ho stod bak drap både på ekssambuaren og far sin.

Måndag vart det kjent at kvinna i 40-åra er tiltalt for drap både på ekssambuaren og sin eigen far.

Faren vart funnen død i sitt eige badekar i 2002, medan ekssambuaren vart funnen død på eit hotell i Kristiansand i 2014.

Utan at ho visste det vart kvinna spana på. Politiet skal også ha drive både telefon- og romavlytting i lengre tid.

Tiltalen blir utvida

NRK får opplyst at eit av dei viktigaste bevisa mot kvinna stammar frå då politiet gjekk undercover.

Ein politiagent klarte å bli ven med den no drapstiltalte kvinna.

På denne måten klarte politiet å få ut opplysningane dei trengde for å kunne arrestere sjubarnsmora og sikte henne for to drap.

Denne politiagenten er blant vitna som skal forklare seg når rettssaka startar 12. november. Der vil agenten bli anonymisert på ein slik måte at ingen kan kjenne vedkommande att.

Etter det NRK erfarer blir også tiltalen mot kvinna utvida. Sjubarnsmora, som tidlegare ikkje er straffedømd, skal ha dopa ned ein tidlegare ekskjærast tre gonger.

Sørlendingen har heile tida nekta straffskuld og har så langt nekta å forklare seg for politiet. Difor er det spenning knytt til om ho vil forklare seg i retten i november.

Undercover i fleire saker

Politiet har gått undercover i fleire saker dei siste åra. I den såkalla Sult-saka ga tre danske agentar seg ut for å vere kriminelle og frakta 50 kilo hasj.

Oslo tingrett meinte den gong at politiet gjekk for langt.

Politiet gjekk også undercover i Egil Tostrup Bråten-saka. Allereie tre år før han vart pågripen var han mistenkt for drapet på Bråten i 2002.

Denne operasjonen skal ikkje ha vore vellukka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %