Hopp til innhold

Drapssikta innlagd på sjukehus

Den 55 år gamle kvinna som er sikta for forsettleg drap på ein 64 år gammal mann i Flekkefjord, er innlagd på psykiatrisk avdeling.

Den drepte i Flekkefjord bæres ut

SIKTA: Ei 55 år gammal kvinne er sikta for drapet på naboen sin. No er kvinna innlagd på psykiatrisk avdeling.

Foto: Lars Eie / NRK

Kvinna er framleis sikta for drapet på den 64 år gamle naboen.

– Det er omstende, funn på åstaden og funn på avdøde som gjer at det er naturleg å sikte henne for forsettleg drap, seier politiadvokat Hellek Rue til NRK.no.

Flytta nyleg inn

Etter det NRK.no kjenner til hadde den drepte omfattande skader i hovudregionen. Men politiet vil ikkje seie om det er funne nokon gjenstandar som er beslaglagt.

Kvinna flytta nyleg inn i ein av dei seks omsorgsbustadene. Ho var nabo med den drepte mannen som er 64 år. Etter det NRK.no kjenner til hadde den drepte mannen omfattande skader i hovudregionen.

Politiet vil ikkje seie om det er funne nokon gjenstandar som er beslaglagt. Det er ikkje nattevakt ved desse omsorgsbustadene, men tilsyn fram til 22-tida.

Tilbyr krisehjelp

Flekkefjord kommune tilbyr no krisehjelp til dei andre bebuarane.

– Kommunen sit psykososiale kriseteam er etablert for å ivareta både dei øvrige bebuarane, medarbeidarane og andre som kan ha eit forhold til hendinga, seier kommunalsjef Bernard Nilsen i Flekkefjord kommune.

Kvinna er registrert i politiet sitt register tidlegare. Politiet gjer no avhøyrt av dei andre bebuarane for å finne ut om nokon har sett eller høyrt noko i samband med drapet.

Kjenner ikkje til bråk

– Vi kjenner ikkje til bråk av denne kategorien tidlegare. Kvinna har vore busett i denne bustaden i relativt kort tid. Avdøde har budd her lenger, men vi har som sagt ingen opplysningar om at det har vore noko bråk tidlegare, seier politiadvokat Hellek Rue.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %