NRK Meny
Normal

Dommaren sit i same fengsel

Major Mofanza Yombo er arrestert og fengsla for korrupsjon. Han var ein av dommarane som dømde Tjostolv Moland og Joshua French til døden i den første rettssaka. No sit han i same fengsel som nordmennene.

Moland og French

I RETTEN: Ein av dommarane som dømde Tjostolv Moland og Joshua French sit no i same fengsel som nordmennene.

Foto: Vatn, Vegar K. / Scanpix

Tjostolv

Tjostolv Moland

Foto: VATN, Vegar K. / SCANPIX
Joshua French

Joshua French

Foto: Hallvard Sandberg / NRK
Morten Furuholmen

Morten Furuholmen

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Eg kan stadfeste at han er fengsla her hos oss, seier fengselsdirektør Kudura Ramazai til Dagbladet.no.

– Han er anklaga for å ha motteke bestikkelsar for å hjelpe ein innsett ut av fengselet, seier han.

Nekta å gi ifrå seg

Ifølgje avisa skal dommaren ha motteke 200 dollar, eller cirka 1000 norske kroner, for å setje fri ein angiveleg valdtektsmann.

Yombo er politiinspektør og arresterte sjølv denne mannen. Men då familien til mannen gav han 200 dollar for at han skulle sleppe fri, reagerte familien til offeret og gjorde krav på pengane. Yombo nekta imidlertid å gi pengane ifrå seg og han vart dermed arrestert for korrupsjon.

Tjostolv Moland og Joshua French har site fengsla i Kongo sidan våren 2009. Tre gonger er dei dømde til døden.

– Det er jo ganske spesielt at ein av dommarane som var med på å dømme Moland og French til døden, no sit i nabocella, seier advokaten til nordmennene, Morten Furuholmen til Dagbladet.

– Seier litt om standarden

– Dette seier litt om standarden og habiliteten til dommarane som avsa dødsdommen mot Moland og French, og det illustrerer på ein god måte den manglande rettssikkerheita i Kongo, seier han.

I lang tid har han jobba med å få dei to nordmennene heim til Norge utan å lukkast. Furhuholmen fryktar at haustens val i Kongo vil sinke prosessen med å få dei heim.

– Både eg, Joshua og Tjostolv er uroa for om det kan vere med å sinke ei overføring til hovudstaden. Eg trur viktig å få til ei snarleg overføring, seier han.