30-åringen er dømd for drapet på mora sin sambuar.
Dommen er i tråd med aktor sin påstand.
I retten forklarte svensken at drapet var eit uhell, og at det ikkje var meininga å stikke kniven i hjartet på 43-åringen frå Polen.
Hevda han skulle skjære brød
– Eg tek ein kniv som eg skal skjære brød med. Eg går for å hente skjerefjøla i skuffa, eg snur meg om med kniven, og så går kniven inn i X. Eg får panikk, dreg ut kniven og hiv den i vasken, forklarte 30-åringen i retten.
Men denne forklaringa trudde ikkje retten på.
Ifølgje Fædrelandsvennen, som først skreiv om dommen, meiner retten at han stakk mannen med stor kraft, og med vilje.
Tidlegare domfelt
Retten la også vekt på at mannen tidlegare er domfelt i Sverige, for å ha knivstukke bror sin. Då måtte han sone eitt år og seks månader i fengsel.
Drapet skjedde i ei leilegheit i Kristiansand sentrum i oktober i fjor.
Forsvararen til svensken bad om full frifinning i retten.
Dommen er allereie anka, ifølgje avisa.