Dømd for valdtekt igjen
Ein mann i Aust-Agder er dømd til fengsel i to og eit halvt år for valdtekt av ei kvinne, skriv Agderposten. For eit år sidan vart mannen dømd for valdtekt av den same kvinna. Denne dommen er klaga til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.