Hopp til innhold

Dømd for trugslar på danskebåten

Ein 53 år gammal mann er dømd til 45 dagars fengsel for å ha truga med å drepe ein vektar på danskebåten.

Det var i september i år mannen, som ikkje er norsk statsborgar, sette fram trugslane. Mannen var på danskebåten på veg frå Kristiansand til Hirtshals.

53-åringen tok med seg ei øl frå barområdet til eit rom der det ikkje var lov til å nyte alkohol og fekk tilsnakk frå to vektarar.

«Uønskt» i baren

Seinare vart mannen observert i baren då han drakk alkohol, som var kjøpt i tax-freebutikken. Vektarane gav beskjed om at dette ikkje var lov, og tok ifrå han drikka.

Kor tid seinare sat mannen igjen og drakk alkohol i baren. Også denne gangen var det alkohol som han hadde kjøpt i tax-freebutikken på båten. Ein vektar tok ifrå mannen cider-boksen nok ein gang. Rett etterpå tok han opp ein ny boks og byrja å drikke på nytt.

To vektarar bad mannen om å forlate barområdet og sa at han var «uønskt» i baren. Til slutt retta 53-åringen seg etter det vektarane sa. Utanfor baren klaga mannen på at vektarane viste han manglande respekt og retta fleire skjellsord mot vektarane.

Truga med å drepe

Seinare vart mannen observert på utsida av baren der han slo mot vindauga. Mannen ville inn igjen i baren, men vart stoppa av vektarane. Då vart han sint og det oppstod eit basketak mellom vektarane og mannen.

Samstundes sette 53-åringen fram drapstrugslar mot den eine vektaren. Mannen sa mellom anna at han skulle stikke han med kniv og drepe han. Dette førte til at mannen vart sett i handjern og ført til cella i danskebåten.

På veg til cella sparka mannen til den eine vektaren i låret. I arresten sa han også at han skulle skyte den eine vektaren.

Misforstått

På land stod politiet klar til å ta hand om han. Då sette han fram nye trugslar og sa at han skulle hugse ansikta til vektarane, sjølv om det skulle ta ti år, og at han skulle «ta» dei.

I retten meinte mannen at vektarane må ha misforstått hans dårlege engelsk og at han tvert imot sa at vektarane ikkje måtte drepe han.

Han viste mellom anna til at vektarane skal ha halde han i eit halsgrep.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %