Hopp til innhold

Dømd for gullsmed-ran

Ein mann frå Litauen er dømd til fengsel i tre og eit halvt år for ranet av Gullsmed Asbjørn Opsal i Lyngdal.

Ran gullsmed lyngdal overvåkningskamera

Gullsmed Asbjørn Opdal vart rana av to personar i september 2014.

Foto: Politiet

Mannen er også dømd til å betale nesten 420 000 kroner i oppreising og erstatning. 29-åringen sa seg skuldig i Lister tingrett.

5. september 2014 storma to maskerte og væpna menn inn i butikken. 29-åringen retta ein pistol mot hovudet til ein av dei tilsette i butikken.

Den andre knuste glasmonter og ribba butikken for smykke og ringar. Butikken ligg berre 400 meter frå lensmannskontoret i Lyngdal.

Då politiet kom til staden var ranarane borte. Dei fekk med seg varer til kring 300 000 kroner.

Avslørt av sigarettsneip

14. september fann politiet ein stolen bil på Kvinesheia. I bagasjen vart det funne glasfragment som stamma frå gullsmeden.

Der vart det også funne ein sigarettsneip. Det var denne som førte politiet til 29-åringen som no er dømd. Politiet fekk ut ein DNA-profil og fekk treff i DNA-registeret.

Litauaren er også tidlegare dømd for ran. I 2011 rana han ein urmakar i Sarpsborg. Mannen var ferdig med å sone dommen i 2013.

Fekk ordre

I retten forklarte mannen at han jobba ved ein fabrikk i Norge i eit halvt år. Då han mista jobben kom han i kontakt med ein tidlegare kamerat. 29-åringen forklarte at han hadde gitt uttrykk for at han ville ta kva som helst slags jobb – anten det var lovleg eller ikkje.

Det var då han vart sett i kontakt med to personar som tilbaud han om å vere med til Norge for å rane butikkar. Han forklart at han reiste saman med tre andre til Stockholm.

Her delte dei seg. 29-åringen og ein annan reiste til Norge.

Ifølgje litauaren vart ein bakmann att heime i Litauen. Herifrå gav han orde om kvar dei skulle reise og kva butikkar dei skulle rane.

Han forklarte også at dei vart utstyrt med gasspistol og utstyr for å knuse glas, i tillegg til spesialutstyr for å stele bilar. Ransvåpenet er ikkje funne.

Skulle rane urmakar i Trondheim

Planen var først å rane ein urmakar i Trondheim, men dei vurderte at risikoen var for stor. Same dag skal dei ha fått beskjed om å reise til Lyngdal der dei rana Gullsmed Asbjørn Opsal.

Mennene køyrde tilbake til Litauen etter ranet. Der skal det ha oppstått ein krangel om ransutbyttet.

29-åringen hevda i retten at han vart banka opp utan å få noko som helst. Seinare skal han ha blitt skulda for å ha gjeld til den same personen. Mannen rømte til Italia der han seinare vart pågripen.

Den andre mannen er framleis på frifot. 29-åringen hevda i retten at han ikkje veit kva han heiter.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %