Dømd for grov vald
Ein mann (20) frå Flekkefjord er dømd til fengsel i fem månader for grov vald, skriv Lister24. Mannen er dømd for å dytta ein utfor ein murkant på ein fest nyttårsaftan. I tillegg sparka han mannen fleire gonger då dei møttest seinare på kvelden.