NRK Meny
Normal

Dømd for å ha sett fyr på butikk

Ein 44 år gammal mann er i Kristiansand tingrett dømd for å ha sett fyr på ein butikk på Lund i Kristiansand.

Brann på Lund
Foto: Kim Nystøl/NRK

Det var i november i fjor at mannen ringde på hos naboar for å varsle bebuarane om at han skulle sette fyr på butikken.

44-åringen tømte ei kanne med bensin utover golvet og sette fyr.

No er mannen dømd til 174 timar samfunnsstraff. I tillegg må han betale 33 000 kroner i bot, skriv Fædrelandsvennen.

Det var ein nabo som melde frå til politi og brannvesen om planane til 44-åringen.

– Han ringde og sa kva han heitte. Så sa han at eg måtte ta med meg familien og komme meg ut, fordi han skulle setje fyr, seier sa Ole Christian Leibsland til NRK i november.

– Brannvesenet var raskt på plass. Det tok ikkje mange minutt. Men det var ei forferdeleg oppleving. Det er slik du aldri tenker du skal oppleve. Men når det skjedde er eg jo glad at han ringde og sa ifrå om at han skulle setje fyr, sa han.

Brannvesenet har kontroll over brannen i ein butikk på Lund i Kristiansand.

Sjå video frå brannen i november i fjor.